Hopp til innhald

Fagstoff

Innvandrarperspektiv i norsk film

Ein innvandrarfilm er ein film der synsvinkelen ligg hos ein innvandrar. Slike filmar gir eit nytt perspektiv på tema som innvandring, integrering og undertrykking. Filmane set òg spørsmålsteikn ved tradisjonelle norske verdiar.

Norske innvandrarfilmar

Innvandrarfilm har lenge vore eit omgrep i internasjonal film. Før 2005 fanst det få norske filmar i denne kategorien, men det året blei det lansert tre norske filmar laga av personar med innvandrarbakgrunn: Le Regard skrive og regissert av Nour Eddine Lakhmari, Import Eksport regissert av Khalid Hussain, og Izzat regissert av Ulrik Imtiaz Rolfsen. Spelefilmen Hva vil folk si (2017) er ein nyare film i denne kategorien med både kvinneleg regissør og kvinneleg hovudrolleinnehavar.

Norsk-ish er ein TV-serie som har fått mykje ros i både Noreg og utlandet for måten han løfter fram mangfald på. Serien hadde premiere på NRK i 2020, og han er basert på hendingar og personlege opplevingar i liva til manusforfattarane Bahareh Badavi og Melike Leblebicioglu. Norsk-ish bruker humor for å vise korleis det er å stå i spagat mellom to kulturar.

Desse film-døma gir viktige bidrag til å forstå det fleirkulturelle Noreg og dei utfordringane det norske samfunnet står overfor i den samanhengen. Innvandrarfilmane gjer den norske filmkulturen meir mangfaldig og bidreg til debatten om innvandring, integrering og undertrykking. Fiksjonsfilmar og TV-seriar kan slik sett vere eit godt alternativ til måten desse temaa blir omtalte på i nyheitsmedia.

Hva vil folk si (2017)

Hva vil folk si er regissert av norsk-pakistanske Iram Haq. Filmen handlar om 16 år gamle Nisha, som lever eit dobbeltliv. Heime med familien er ho ei pliktoppfyllande pakistansk dotter, mens ute med vener er ho ei vanleg norsk jente. Ein dag kolliderer desse to verdene brutalt.

Foreldra til Nisha bestemmer seg for å sende dottera til Pakistan, slik at ho kan tilpasse seg kulturen til foreldra.

Iram Haq har òg regissert kortfilmen "Skylappjenta" og spelefilmen Jeg er din (2013). I Jeg er din møter vi hovudkarakteren Mina. Ho er 27 år, skodespelar, skild og andregenerasjons innvandrar. Ho strevar med å få seg jobb, med å få orden på kjærleikslivet og med å passe inn. Ho har òg eit svært anstrengt forhold til den pakistanske familien sin. Amrita Acharia, kjend for rolla som Irri i HBO-serien Game of Thrones, har hovudrolla som åleinemora Mina.

Klipp frå Jeg er din:

Haram (2014)

Hovudkarakteren i Haram er Omar – ein gangster i "mellomsjiktet" i Oslo. Ein dag dukkar plutseleg søstera til Omar opp. Dette gjer at den store løyndommen til familien blir avslørt. Søstera blei ikkje drepen i æresdrap fordi ho rømde frå sitt eige bryllaup i Pakistan. Sanninga er at ho blei teken hand om av barnevernet for fleire år sidan.

Regissør Ulrik Imtiaz Rolfsen byggjer i Haram vidare på gangsteruniverset frå filmen Izzat (2005). Izzat handlar om dei tre gutane Wasim, Riaz og Munawar, som voks opp på austkanten i Oslo på 1970-talet. På denne tida dukka det opp ei ny bølgje av kriminelle i Oslo, og filmen viser gangstermiljøet på ein brutal og usminka måte.

Ei interessant side ved filmen er måten Wasim, Riaz og Munawar blir introduserte som andregenerasjons pakistanske innvandrarar på. Det skjer gjennom eit tilbakeblikk der vi møter dei når dei er 12 og 13 år gamle. Vi følgjer dei i den kriminelle løpebana deira frå nasking i kiosken på hjørnet, via utvising frå skulen, og fram til dei følgjer ordre frå gangstersjefen Saddi. Til slutt endar dei opp som fryktlause gangsterar der narkohandel og drap blir ein del av kvardagen.

Filmen Izzat var med på å setje gjengkriminalitet på dagsordenen. Mange meinte at filmen viste eit realistisk bilete av gjengkulturen og konfliktane i og mellom gjengar.

Ulrik Imtiaz Rolfsen regisserte òg kriminalserien Taxi (trailer), som blei send på NRK i 2011. Serien tek opp problemstillingar som mange norske innvandrarungdommar kjenner seg igjen i.

Brev til kongen (2014)

I Brev til kongen møter vi fem personar frå eit asylmottak som er på utflukt til Oslo. Historiene til karakterane blir bundne saman av eit brev som 83-årige Mirza skal overrekkje kongen. Filmen er regissert av norsk-kurdiske Hisham Zaman.

Etter utdanninga ved Den norske filmskolen på Lillehammer og gjennombrotet med kortfilmen "Bawke" har Zaman regissert fleire filmar med tematikk knytt til det fleirkulturelle Noreg.

Zaman kom sjølv til Noreg som 17-årig flyktning frå den irakiske delen av Kurdistan, og mange har kalla han eit viktig talerøyr for etniske minoritetar. Zaman debuterte som spelefilmregissør i 2007 med filmen Før snøen faller.

Import Eksport (2005)

Filmen Import Eksport (trailer) er ein lett komedie om arrangerte ekteskap, integrering og tilpassing til det norske samfunnet. Filmen kan sjåast som eit forsvar for arrangerte ekteskap. Kanskje kan ei livslang forplikting skape kjærleik?

Filmen handlar om norske Jens, som skal gifte seg med pakistanske Jasmin. Problemet er at Jasmins foreldre allereie har lovd henne bort til fetteren. For at Jasmin og Jens skal få lov til å gifte seg, må Jens tilpasse seg den pakistanske kulturen. Slik formidlar filmen at det ikkje berre er innvandrarane som må tilpasse seg det norske samfunnet, men at tilpassing må skje frå begge sider.

Ein kan òg sjå på filmen som ein kritikk mot den vestlege kulturen, der ein giftar seg av kjærleik for deretter å skiljast. Filmen framhevar betydninga til storfamilien, noko som kjem til uttrykk i siste scene, der heile familien er samla.

Le Regard (2005)

Filmen Le Regard (klipp) handlar om den 70 år gamle franske fotojournalisten Albert Tueis, som oppdagar at det er noko som manglar i fotoutstillinga han skal halde. Som 19-åring var Albert fotograf i den franske hæren under den marokkanske frigjeringskampen i 1955. Her var han vitne til at medsoldatane utførte grufulle krigshandlingar mot sivilbefolkninga i Marokko.

Le Regard kan tolkast som eit postkolonialt prosjekt som handlar om kolonilanda sin kultur og forholdet deira til kolonimakta. Fleire av dei europeiske kolonimaktene har aldri teke eit ordentleg oppgjer med fortida, berre lagt eit lokk over det som hende. Men folk i koloniane har ikkje gløymt. Filmen Le Regard ser det som hende, frå dei undertrykte sin ståstad. At franskmannen angrar, er eit døme på dette perspektivet.

CC BY-SASkrive av Dagny Regine Rosenberg og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet