Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Musikk som identitetsmarkør

Kva rolle speler musikk i livet ditt? Her skal du få møte to gutar som bruker musikken for å markere eigen outsider-identitet.

I denne oppgåva skal vi sjå på korleis musikk er ein identitetsmarkør i utdrag frå to bøker.

Ein identitetsmarkør er meir eller mindre bevisste val menneske tek for å markere identitet. Mellom anna kan val av klede vere med på å forme identiteten din. Det same gjer måten du snakkar på. I tillegg kan altså musikken du høyrer på, vise både individuell tilhøyrsel og gruppetilhøyrsel.

Oppgåve 1. Musikk og identitet

Sit saman i grupper. Diskuter dei tre påstandane under:

  • Musikken du høyrer på, seier mykje om deg som person.
  • Somme musikksjangrar er betre enn andre.
  • Eg høyrer berre på bra musikk.
  • Musikken eg høyrer på, er med på å markere identiteten min.

Avslutt med å fortelje kvarandre kva slags musikk de høyrer på. Meiner dei andre på gruppa at musikkvalet ditt definerer deg som person?

Oppgåve 2. Hiphopen sin barndom

Du skal straks lese utdrag frå to tekstar der eg-personane høyrer på hiphop. Handlinga er lagt til 1990- og tidleg 2000-talet, då hiphop framleis ikkje blei rekna som mainstream-musikk.

Sjå dokumentaren på NRK.no om då hiphopen kom til Noreg: "Takin Ova - Historien om norsk hiphop". Noter ned svar på spørsmåla under:

  • Kva fortel intervjuobjekta at tiltaler dei ved hiphop?
  • Korleis viser dokumentaren at hiphop og identitet høyrer saman?
  • Hiphop er opphavleg ein . Det var ein sjanger som gjekk mot gjengse normer og verdiar. Korleis synest du det kjem til syne i dokumentaren?
  • Korleis var hiphop ein identitetsmarkør då han kom til Noreg?

Oppgåve 3. To outsiderar som diggar hiphop

Les tekstutdrag 1 frå Tante Ulrikkes vei om Jamal og utdraget frå Third Culture kids av Leo Ajkic.

  1. Peik på delar av teksten som viser at Jamal og Leo Aikic ser på seg sjølv som outsiderar i Noreg.
  2. Trekk ut sitat som viser kor viktig musikken er for dei.
  3. Kjenner du musikken dei høyrer på? Viss ikkje – finn fram musikkvideoar og høyr på nokre av artistane dei nemner. Korleis vil du karakterisere musikken?
  4. Lag ein kort presentasjon av dei to figurane, der du viser korleis dei bruker musikk som identitetsmarkør. Legg vekt på samanlikne dei i presentasjonen. Hugs å bruke sitat frå utdraga.

Relatert innhald

"Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Teksten er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet