Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kjenneteiknar ei god novelle?

Novella "Den første snøen" er skriven av ein elev i Vg2. Teksten fekk karakteren 6. Kvifor er dette ei god novelle? Her skal de diskutere teksten og få gode tips om korleis de sjølv kan skrive ei god novelle.

Del 1: Kva kjenneteiknar ei god novelle?

Diskuter i grupper:

  • Kva meiner de kjenneteiknar ei god novelle?
  • Kva synest de om å skrive skjønnlitterært? Er det vanskeleg/enkelt/gøy?
  • Kva er dei største utfordringane når de blir bedne om å skrive sjangrar som noveller, dikt, historier eller liknande?

Del 2: Kvifor ei god novelle?

Les novella "Den første snøen", skriven av ein 17 år gammal elev. Diskuter spørsmåla under i grupper:

  • Kva meiner de er temaet i novella? Altså: Kva vil eleven som har skrive novella formidle?
  • Kva gjer dette til ei god novelle? Diskuter og noter ned flest mogleg punkt.
  • Meiner de teksten har nokon svakheiter? Skriv ned eventuelle svar.
  • Samanlikn med resten av klassen. Har de notert det same?

Relatert innhald

Del 3: Tips for å skrive gode noveller

Det er inga oppskrift på korleis du skal skrive ei god novelle. For det er nemleg tallause måtar å løyse dette på.

Men her følgjer nokre tips og oppgåver med utgangspunkt i novella "Den første snøen":

Tips 1: Lag ein plan

Skriv kreativt! Lag ei novelle! Då er det berre å skrive i veg då!

Nei, langt ifrå. Eit godt tips før du set i gang med å skrive, er å planleggje teksten din nøye frå start til slutt. Still spørsmål til deg sjølv som:

  • Kva er det eigentleg eg vil fortelje med denne teksten?
  • Kven skal vere hovudpersonen?
  • Over kor lang tid skal handlinga gå føre seg?

Utforsk novella

Kanskje kan du klare å oppdage ein plan bak novella "Den første snøen"?

  1. Les teksten som ikkje er kursivert. Fortel att det som blir fortalt her med tre–fire setningar.
  2. Les berre det som er kursivert. Kva får lesaren innsikt i her, som ikkje blei fortalt i teksten du las i stad?
  3. Korleis hengjer start og slutt saman i novella? Peik på tekstsitat.

Tips 2: Ver bevisst val av synsvinkel

Tenk nøye over kva synsvinkel du skal fortelje teksten i. Synsvinkelen er nemleg stemma i "teksten". Om du til dømes legg synsvinkelen til eit barn, må setningane du skriv kunne vere tenkt eller sagt av dette barnet.

Utforsk novella

Hovudpersonen er ein gammal mann som ligg for døden. Det kjem fram i løpet av teksten at han er dement. Men forfattaren skriv aldri dette rett ut. I staden bruker han synsvinkelen bevisst for å "vise, ikkje fortelje" (show, don't tell) at hovudpersonen ikkje kjenner igjen sonen sin.

  1. Les det første avsnittet. Korleis omtaler den gamle mannen sin eigen son her?
  2. Korleis omtaler han sonen i starten av avsnitt tre og fem (setningane like etter den kursiverte teksten)?
  3. Oppsummer: Korleis bruker eleven synsvinkelen bevisst for å vise lesaren sin at hovudpersonen har mista minnet?

Tips 3: Leik med språket

Når du blir beden om å skrive kreativt, så leik deg med språket. Varier setningslengda, lag dialogar og bruk språklege bilete.

Utforsk novella

  • Legg merke til korleis teksten har ein del korte setningar, ja til og med berre enkeltord som står for seg sjølv. Kva funksjon meiner du desse har i teksten?
  • Kva funksjon har det at teksten er todelt – at ein del har tekst i kursiv og ein annan del er ukursivert?

Tips 4: Ta slutten på ramme alvor

I tips 1 fekk du råd om å lage ein plan. Då har du kanskje bestemt deg for ein slutt allereie? Men likevel må vi innom det ein gong til: Ver svært bevisst korleis du avsluttar novella di. Det er ofte den kjensla som avslutninga skaper i lesaren, hen sit igjen med.

Kanskje skal du overraske litt? Skape ein vri som får lesaren din til å sjå novella i eit nytt lys? Eller kanskje du skal lage ein open slutt som får lesaren til å lure på korleis det går vidare?

Utforsk novella

  • Les avslutninga av novella "Den første snøen" ein gong til. Kva vil du seie at ho tilfører teksten? Kva effekt har ho?

Del 4: Oppsummer

Oppsummer i grupper:

  1. Lærte du noko av å lese teksten til ein annan elev?
  2. Ville du lagt til fleire tips om korleis du kan skrive gode noveller i tillegg til dei fire tipsa du fekk her?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2020

Læringsressursar

Å skrive kreativt