Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kreative innleiingar og avslutningar i sakprosa

Ein framifrå stad for å vere litt "laus i snippen" når du skriv sakprosa, er i innleiinga og avslutninga

Ordinære innleiingar og avslutningar

Ei av dei vanlegaste innleiingane i litterære analysar er nok av denne typen:

Romanen Tante Ulrikkes vei er skrive av Zeshan Shakar. Han kom ut i 2017, og Shakar vann Vesaas' debutantpris for romanen. Boka handlar om to gutar som veks opp på Stovner. Temaet er oppvekst og utfordringar andregenerasjonsinnvandrarar møter. I denne oppgåva skal eg samanlikne dei to personane.

Ei gjennomsnittleg avslutning på ein litterær analyse av romanen kan vere som dette:

Tante Ulrikkes vei er altså ein roman om utanforskap. Denne utanforskapen kjem til syne gjennom fordomane dei to gutane møter. Som eg har vist, møter begge utfordringar som gjer at dei kjenner seg utanfor. Slik viser Shakar kor vanskeleg det er å vekse opp i Noreg som minoritetsungdomar.

Det er ikkje noko gale i å skrive slik, men det er heller inga skam å prøve å vere litt meir original. Faktisk er det mange som meiner at du absolutt bør unngå setningar som "I denne oppgåva skal eg ...". Det passar nok best på lengre tekstar på universitetsnivå.

Prøv heller å vere meir kreativ når du skriv innleiingar og avslutningar. Då kan du både fange merksemda til lesaren og leike deg med språket.

Kreative innleiingar og avslutningar

Ein kan lage innleiingar og avslutningar som skil seg litt ut på mange måtar, men hugs: Målet er å skrive kreativt samtidig som du får klart fram kva oppgåva di skal handle om.

Metode 1: Sitatinnleiing og -avslutning

Innleiing:

"[…] jeg er Jamal. Svarting, muslim, fra Stovner, T.U.V, Tante Ulrikkes vei, du veit, representerer alltid.'' Slik presenterer Jamal i romanen Tante Ulrikkes vei seg. Romanen er skrive av forfattaren Zeshan Shakar, og Jamal er ein av hovudpersonane i romanen. Den andre hovudpersonen heiter Mo. Kven er eigentleg Mo og Jamal? Kva slit dei med? Kva drøymer dei om? Og ikkje minst: Er det same skjebne som møter dei to gutane i oppvekstromanen frå Stovner i Noreg?

Avslutning:

Det er definitivt ikkje same skjebne som møter Mo og Jamal [grip fatt i spørsmålet som avsluttar innleiinga]. Den eine er skuleflink, den andre ein "drop-out". Mo drøymer om å kome seg vekk frå Stovner, Jamal er stolt av opphavet sitt. Det dei begge har felles, er at dei kjenner seg utanfor det norske storsamfunnet. Dei møter rasisme, fordomar og dumskap, eller som Jamal seier: "Jeg føler sånn, alt i Norge snakker masse fint, skjønner du? Du vet, alle har lik verdi og sånn. Men på ordentlig, da er det litt mer som tagginga da jeg var liten. Den som er på Stovner sykehjem der. Norge for nordmenn. Sånn er det."

Oppgåve 1

  1. Innleiinga og avslutninga over gjer stort sett det same som den ordinære innleiinga og avslutninga, men kva er det som gjer dei to siste meir spennande og originale enn dei øvste?
  2. Lag ei sitatinnleiing og -avslutning til ei novelle eller eit dikt de har lese i klassen.

Metode 2: Reflekter rundt temaet og bruk metaforar

Innleiing:

Mennesket er eit flokkdyr. Heilt sidan dei eldste tider har vi levd saman i større grupper. Vi har altså eit behov for å høyre til og føle samhøyrsle med andre menneske. Viss ikkje, kan vi bli einsame og kjenne oss utanfor. Det er nettopp denne utanforskapen den norsk-pakistanske forfattaren Zeshan Shakar skriv om i romanen Tante Ulrikkes vei. Dei to hovudpersonane, Jamal og Mo, veks opp på Stovner i Oslo. Begge drøymer om suksess, men endar dei opp som einsame ulvar?

Avslutning:

Verken Mo eller Jamal endar opp heilt utanfor flokken, men dei er definitivt ikkje alfahannar blant fleirtalet av kvite nordmenn. Shakar viser lesaren sin kor vanskeleg det er å finne plassen sin i storsamfunnet viss ein har eit anna opphav enn dei fleste. Jamal føler seg utstøytt av flokken fordi han stadig vekk blir diskriminert og sett ned på. Mo mistar heilt fotfestet når han prøver for hardt å passe inn. Romanen viser slik at "potetar", som Jamal kallar kvite nordmenn, kanskje må møte innvandrarar og barna deira på ein annan måte enn dei gjer no. Berre slik kan dei kjenne seg som ein del av flokken.

Oppgåve 2

  1. Kva knep har skrivaren av innleiinga og avslutninga over brukt for å skape ein raud tråd i innleiinga og avslutninga?
  2. Korleis synest du det fungerer med ein flokkmetafor for å skape ei kreativ innleiing og avslutning?
  3. Lag ei overskrift som passar til innleiinga og avslutninga. Bruk flokkmetaforen her òg.

Metode 3: Den litterære innleiinga

Innleiing:

Der ringjer skuleklokka. Halv fire, og det er på tide med to timar handballtrening, fem timar lesing til matteprøven, og nok søvn til morgondagen er sjuuukt viktig. Ho spring for å rekkje bussen (forbrenn kaloriar) og rekk akkurat fram i tide. Etter treninga mistar ho bussen og må vente ein halvtime på neste. Krise! Skal ho vere vaken ein halvtime ekstra og få for lite søvn eller lese ein halvtime mindre på prøven? Magen knyter seg av angst.

Slik er kvardagen for mange unge menneske i dag: Dei opplever stress og press frå mange kantar. Er dette presset for mykje av det gode, eller er det sunt å oppleve forventningar frå andre og seg sjølv?

Avslutning:

Legg merke til jenta i innleiinga: Kven er det som pressar henne? Jo, det er ho sjølv. Som eg har vist, så er presset ungdomar opplever stort sett sjølvpåført, men sjølvsagt har dei ikkje funne på dette sjølve. Jenta trener for å bli best i handball og for å få fantastiske karakterar. For slik har vi vorte: Vi skal vere best i alt. Kanskje er det på tide å roe ned litt? Hei, jenta! Inviter ei veninne over på besøk. Snakk med ho ansikt til ansikt i staden for å sende ein snap. Kanskje gir det deg meir enn karakter- og utsjånadjaget? For det ser ut til at sosiale relasjonar blir gløymde i dagens prestasjonssamfunn.

Oppgåve 3

Diskuter med ein medelev:

  1. Klarar denne innleiinga å både skape interesse og gjere det klart kva teksten skal handle om?
  2. Tipp kva som er oppgåveteksten eleven skal svare på. Løysinga finn du under oppgåvene.
  3. Korleis synest de ei slik litterær innleiing og avslutning fungerer til ein sakprosatekst? Grunngi svara dykkar.
  4. Skriv ei innleiing til ein fagartikkel der du skal drøfte fordelar og ulemper med sosiale medium.
Kva var oppgåveteksten?

"Drøft om ungdomar i dag opplever for mykje press."

Oppgåve 4

  1. Gå saman i par. Skriv ei kreativ innleiing til denne oppgåva: "Bør vi forby meir enn to flyreiser i året for å spare miljøet?"
  2. Byt innleiing med ei anna gruppe. Gi kvarandre tilbakemelding på om innleiinga både er kreativ og gjer det klart kva oppgåva skal handle om.
  3. Skriv ei avslutning til innleiinga de har fått. Les gjerne over avslutningane på denne sida. Hugs at det er om å gjere å:

    - gripe fatt i eit poeng frå innleiinga

    - kome med ein konklusjon på det oppgåva spør om

Oppgåve 5

Kva andre kreative måtar kan de starte ein sakprosatekst på – ein måte som både skapar merksemd og gjer det klart kva teksten skal handle om?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2019

Læringsressursar

Å skrive kreativt