Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis og kvifor bruke dialogar?

Dialogar mellom personar er vanleg å ha med i dei fleste skjønnlitterære tekstar. Dei er med på å drive handlinga framover og skaper liv i ei forteljing.

Oppgåve 1

Ein skjønnlitterær tekst, som til dømes ei novelle eller ein roman, er vanlegvis bygd opp av mange delar. Døme kan vere

  • direkte personskildring
  • indirekte personskildring
  • miljøskildring
  • tankereferat
  • handlingsreferat
  • dialogar

Les utdraget frå romanen Få meg på, for faen av Olaug Nilssen under. Kva for nokre av omgrepa over vil du bruke om oppbygginga av utdraget?

Utdrag frå Få meg på, for faen av Olaug Nilssen

"Ein torsdagskveld då dei sat og såg eit program om den norske kongefamilien, ringde det ein meiningsmålingsmann til familien til Sebjørn. Sebjørn tok telefonen, og sidan meingsmålingsmannen ville snakke med den over atten år i familien som sist hadde bursdag, gav han røyret til kona si, som fylte førtifire år veka før.

- Kven er det, kviskra ho då Sebjørn strekte seg over stovebordet med den berbare telefonen.
- Ein meiningsmålingsmann, kviskra Sebjørn, og ansiktet til kona vart til ein grimase.
- Kunne du ikkje sagt at eg ikkje var heime? kviskra ho, og Sebjørn svarte litt surt:
- Ja, no er det for seint, du får seie det sjølv.
Kona tok telefonen og sa:
- Ja, hallo, kor lang tid tek dette?
- Det vil berre ta 30 sekund, sa meiningsmålingsmannen, og då syntest kona til Sebjørn at det var greitt.
- Skal vi setje i gang? spurde meiningsmålingsmannen.
- Ja! sa kona til Sebjørn kjekt.
- Kven i kongefamilien likar du best? spurde meiningsmålingsmannen,"

Løysing

Den første delen er eit handlingsreferat. Det fortel om kva som skjer. Det andre delen er ein dialog, altså ein samtale mellom personar.

Kvifor skal du ha med dialogar?

Det går fint an å skrive skjønnlitterære tekstar utan dialogar. Mange store forfattarar har gjort det med suksess. Om du likevel ikkje er utruleg god til å skrive innsiktsfulle straumar av medvit, er fordelane med dialogar mange:

  1. Lesaren kan bli betre kjend med personen din. Kanskje kan det vere ein kontrast mellom kva hen seier og tenkjer?
  2. Dialogane får fram kva forhold det er mellom personane i ei forteljing. Har eit par eit kjølig forhold? Få det fram gjennom iskalde og kjenslelause replikkar.
  3. Det å veksle mellom handlingsreferat, miljøskildringar, personskildringar og dialog vil skape ei livfull historie. Mange elevar har ein tendens til å skrive tekstar som berre består av tankereferat. Desse tekstane kan ofte verke litt monotone.
  4. Dialogar er fantastiske stader å la det oppstå spenning mellom karakterane!
  5. Dialogar gjer historia di meir realistisk. Gjennom dialogane kan du vise lesaren din kva som skjer utan å seie det direkte. Ønskjer du å få fram at karakteren din ikkje er til å stole på? Vis det gjennom ein truverdig dialog, heller enn å fortelje det rett ut.

Oppgåve 2

Les dialogen under. Det er ei fortsetjing av dialogen på toppen av denne sida.

  1. Korleis verkar dei to personane i dialogen?
  2. Det kan verke som om kona held noko skjult. Korleis kjem dette fram gjennom dialogen?

Utdrag frå Få meg på, for faen av Olaug Nilssen

"Kva ville meiningsmålingsmannen? spurde Sebjørn.
- Ikkje noko, svarte kona fort.
- Ikkje noko? spurde Sebjørn
- Han ville vite kva vi hadde ete til middag, så eg gjekk ut på kjøkkenet for å prøve å hugse kva det var vi sat her og åt.
Sebjørn såg rart på kona si.
- Hugsa du ikkje at vi hadde fiskepinnar?
- Nei! sa kona.
- Kunne du ikkje berre ha spurt oss? spurde Sebjørn
- Kunne ikkje han berre ha spurt deg, sa kona fort, til kva Sebjørn gapte forferda før han risa på hovudet og slo ut med hendene for å signalisere at han gav opp eller at han toa sine hender. Ho tenkte:
- Typisk Sebjørn å forlange at eg skal spørje han før eg svarar på noko."

Korleis setje opp dialogar?

I utdraga frå romanen Få meg, på for faen av Olaug Nilssen ser du korleis du kan setje opp dialogar. Dette er sjølvsagt ingen fasit. Det er mange måtar å gjere det på, men det viktigaste er nok å skilje ut dialogen frå handlingsreferatet.

Det kan fungere fint å markere skifte i kven som snakkar med ein tankestrek, slik Nilssen har gjort det over. I tillegg kan du bruke verb som "sa", "spurde", "kviskra", "ropte" og liknande for å vise korleis personane seier noko.

Oppgåve 3

Skriv ein dialog mellom to jenter som møtest på gata: Kaja og Kathrine. Kathrine har nettopp fått vite at Kaja har baksnakka henne på det grovaste til dei felles vennene deira.

Kathrine er rasande og såra. Samtidig vil ho ikkje vise Kaja at ho veit om baksnakkinga. Ho veit nemleg at om ryk uklar med Kaja, mistar ho heile venegjengen. Når det gjeld Kaja, er ho litt usikker på om Kathrine har fått greie på kva ho har gjort, men ho prøver å late som ingenting.

Alternativ 1

Skriv dialogen aleine.

Alternativ 2

Skriv dialogen saman med ein i klassen. Ein av dykk skal skrive replikkane til Kathrine, ein annan replikkane til Kaja. Hugs verb som viser korleis dei snakkar etter replikkane.

I tillegg går det an å beskrive dei kroppslege reaksjonane til personane. Til dømes kan det seie mykje om ein karakter om du etter replikken skriv: "smilte ho falskt, medan ho kikka bort".

Kjelde

Nilssen, Olaug (2005). Få meg på for faen, Oslo: Samlaget.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2019

Læringsressursar

Å skrive kreativt