Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å beskrive ei kjensle

Korleis føler du deg når nokon irriterer deg grenselaust? Det er dette du skal prøve å beskrive her. Klarar du å beskrive ei kjensle så presist at dei andre i klassen forstår kva det er?
Nærbilete av irritert, men roleg jente som ser på ein mann og måler han med blikket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei middags-scene mellom far og son

– Korleis gjekk det på skulen i dag? spurde han spydig, medan han sette gaffelen i biffen.

Eg kikka ned og lukka auga. – Fint, svarte eg kort og la som vanleg kjøtet til side. Tenk at han framleis ikkje hadde lært at eg hadde droppa kjøtt. Etter to år.

– Fint!? geipa han og køyrde kniven så hardt i kjøtstykket at tallerkenen gav frå seg ein høg, gjennomtrengjande lyd. Som vanleg. Han såg på meg med olme auge og togg høglydt medan slimtrådar gjekk opp og ned i kjeften hans. Håra reiste seg på ryggen min, og magen knytte seg.

– Fekk 4+ på naturfagen. Skikkeleg fornøgd, kviskra eg.

– Ja, det kan eg tenkje meg du er. Dei som er halvgode kan jo vere fornøgde med sånne karakterar, gomla han vidare. Då han skulle svelgje det ihelpinte dyret han hadde i kjeften, sette det seg på tvers i halsen hans. Han opna leppene og viste dei røykegule tennene medan heile grisen kom ut på bordet igjen. Eg beit tennene saman og greip så hardt om bestikket at knokane vart kvite.

– Må visst ein tur på do, smilte eg falskt medan tennene framleis var så samanbitne at kjakane verkte.

Oppgåve 1

Eg-personen i teksten over er ordentleg irritert, men bit det i seg. Dette kjem tydeleg fram i teksten utan at det står direkte.

Marker eller skriv ned dei passasjane i teksten som viser eg-personen sin irritasjon. Det kan både vere

  • den ytre personskildringa av faren
  • skildringar av eg-personen sine kroppslege kjensler og tankar

Oppgåve 2

Lag di eiga irritasjonsskildring, men utan å bruke ord som "irritert", "sint" eller liknande. I staden skal du vise korleis kjensla kjennest på kroppen og ser ut.

Det å irritere seg grenselaust over noko, er ei kjensle som kan vere morosam å skrive om. Som regel fungerer det aller best om du tenkjer på ein person som faktisk irriterer deg. Tenk over, og skriv om kva det er hen gjer som irriterer deg grenselaust. Gjer dette ved å bruke desse framgangsmåtane:

  • Beskriv måten hen irriterer deg på. Bruk adjektiv og verb som får fram kvifor dette er irriterande. I utdraget øvst på sida er det til dømes måten faren tygg maten på som er grenselaust irriterande.
  • Skildre dine eigne kjensler når du ser på personen og handlinga denne personen gjer. Skriv om kva for nokre kroppslege reaksjonar du får. Eg-personen i teksten over får både ståpels og bit tennene saman. Alt er kroppslege reaksjonar som skal illustrere irritasjonen.

Tips: Gå gjerne saman i grupper før de set i gang med skrivinga. Det kan vere inspirerande å få andre innspel.

Diskuter, og skriv ned kva som irriterer dykk, og korleis det kjennest inni dykk når andre ergrar dykk enormt.

Oppgåve 3

Vel ei kjensle som du synest du kjenner godt i kroppen. Det kan vere glede, sorg, forelsking, lykke eller noko anna. Prøv å beskrive denne kjensla utan å bruke ordet.

Gå saman i grupper, og les for kvarandre. Klarer dykk å tippe kva kjensle de har beskrive?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Å skrive kreativt