Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg innhald og struktur i ein fagartikkel

Her får du tips til korleis du byggjer opp og skriv ein fagartikkel med fagkunnskap frå programområdet ditt.
Dame omringa av Post-it-lappar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Del 1: Planlegg innhaldet og oppbygginga av teksten din

Når du har samla innhald både frå din eigen forkunnskap, frå diskusjonar med andre og frå kjelder, kan du byrje å planleggje innhaldet i teksten din.

Bruk gjerne denne skriveramma når du planlegg innhaldet:

Filer

  1. Start med å teikne eit tankekart med temaet ditt i midten. Noter det du meiner er sentrale punkt i dette temaet i strålar ut frå temaet i midten. Vel dei fem punkta som du synest er viktigast.
  2. Kvart av dei fem punkta skal bli til eit avsnitt. Skriv ei temasetning for kvar av dei. Ei temasetning er ei setning som har med den mest sentrale informasjonen om det avsnittet skal handle om. Eit døme på dette ser vi i dette avsnittet nedanfor i frå artikkelen til Store norske leksikon om kommunikasjon. Her er den første setninga ei temasetning som kjem med ein påstand om korleis menneske forstår hendingar og handlingar. Dei neste setningane utdjupar påstanden ved å gi eit konkret døme på det temasetninga beskriv, og den siste forklarer dømet.

    "Mennesket søker kontinuerlig forklaringer på hva som forårsaker en handling eller hendelse. Ser du vann på vei gjennom taket, kan du slutte at det er et sprukket vannrør i huset ditt. Hvis du ser en mann som går mot en dør mens han leter i lommene sine, kan du slutte at han har planer om å låse opp døren og er i ferd med å finne fram en nøkkel. Dette er eksempler på det å søke etter den beste helhetsforklaringen i en situasjon." (Allott, 2019)

  3. Du har no laga førstesetninga i fem avsnitt i hovuddelen din. No må du berre fylle ut dei fem avsnitta for å få ein ferdig hovuddel. Det gjer du ved å grunngi, forklare, utdjupe og komme med døme, slik du ser i dømet ovanfor.
  4. Lag mellomtitlar viss du har fleire avsnitt som du kan gruppere saman.

Del 2: Skriv innleiing

Når du har skrive store delar av hovuddelen på teksten din, er du klar til å jobbe meir med innleiinga. Her får du mange tips til korleis du kan skrive ei god innleiing til ein fagartikkel:


Del 3: Skriv avslutning

Avslutninga på ein fagartikkel har som oppgåve å runde av, oppsummere og gi rom for refleksjon hos lesaren din. Her får du mange gode tips til fleire måtar å gjere det på:

Kjelder

Allott, Nicholas. (2019, 30. mai). Kommunikasjon. I Store norske leksikon. Henta 10. januar 2020 frå https://snl.no/kommunikasjon


CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel