Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis vise til kjelder i fagartiklar?

Når du skal skrive ein fagartikkel, bør du bruke kjelder. Det vil auke truverdet ditt, og du framstår som ein seriøs og kunnskapsrik skribent.

Du skal no jobbe med det andre avsnittet i ein fagartikkel om ungdom og press. Før du startar på oppgåva her, er det lurt å sjå på forslag til avsnittsoppbygging og gjere oppgåva "Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar". Då har du ferdig eit avsnitt for at det er for mykje press mot ungdom.

Viss du ikkje er inne i læringsstien, finn du lenkje til oppgåva "Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar" nedst på sida.

I denne oppgåva skal du øve på å flette inn sitat frå kjelder i avsnittet ditt.

Oppgåve 1

Sidan du skriv drøftande, må dette avsnittet ta for seg eit argument mot at det er for mykje press på ungdom. Har du til dømes valt å skrive om karakterpress som eit stressmoment i avsnitt éin, kan du no ta for deg det som talar mot at karakterpress verkeleg er eit problem.

  1. Vel eit argument som du synest passar som avsnitt to i hovuddelen din. I ei drøfting vil det ofte vere slik at to og to avsnitt handlar om det same momentet, men dei belyser det frå ulike sider. Kanskje du har skrive eit avsnitt der du argumenterer for at skulepress fører til ungdomsstress? Då kan det vere naturleg å følgje opp med eit avsnitt som handlar om at det å jobbe hardt på skulen også kan vere positivt.
  2. Skriv avsnittet.

Oppgåve 2

I jakta på det perfekte avsnittet i fagartikkelen skal vi no føre inn eit nytt moment: Bruk av kjelder. I fagpresentasjonen under finn du gode tips og oppgåver til korleis du kan bruke kjelder i fagartikkelen din.

Oppgåve 3

Set dei to avsnitta du har laga under kvarandre i eit dokument. Byt med ein medelev og gi kvarandre tilbakemelding på desse spørsmåla:

  1. Handlar avsnitta om eitt tema kvar?
  2. Har eg to temasetningar som gjer det klart kva avsnitta skal handle om?
  3. Drøftar eg problemstillinga? Altså: Gir dei to avsnitta ulike svar på om ungdom opplever for mykje press i dag?
  4. Har eg bakt sitata godt inn i teksten og ført kjelder riktig?

Relatert innhald

Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel