Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis lage ei god overskrift?

Kva skal barnet heite? Fullt så seriøst er det kanskje ikkje å lage overskrifter, men det å ha ein feiande flott tittel er prikken over i-en i ein fagartikkel

Overskrifta (tittelen) til ein tekst har same oppgåve som innleiinga: Ho skal fange merksemda til lesaren og spegle innhaldet i teksten din. Ho bør heller ikkje vere for lang.

Oppgåve 1 - Korleis lage gode overskrifter?

Del 1 - Diskuter i grupper:

  1. Kva kjenneteiknar ei god overskrift?
  2. Kva for typiske feil har ei dårleg overskrift?
Gode overskrifter
  • er ikkje for lange.
  • speglar innhaldet i teksten.
  • fangar merksemda til lesaren.

Del 2 - God eller dårleg overskrift?

Her er seks ulike forslag til overskrifter til fagartikkelen: "Er det best å bu i byen eller på landet?"

  • By og land - hand i hand?
  • Kor skal vi bu - i byen eller på landet?
  • Folk eller fe?
  • Byen er best!
  • Forureininga øydelegg bylivet.
  • Livet på landet versus livet i byen, kor er den beste staden å bu?

Diskuter med sidemannen om overskriftene er gode eller dårlege. Grunngi svaret med utgangspunkt i kriteria for ei god overskrift.

Vurdering av dei ulike overskriftene

By og land - hand i hand?
Dette er ei overskrift som fangar merksemd og er velformulert. Det kan vere lurt å bruke spørsmål i innleiinga for å fange merksemda. Men det kan verke som om oppgåva skal drøfte samarbeidet mellom by og land. Dette er misvisande. Ei middels god overskrift.

Kor skal vi bu – i byen eller på landet?
Denne overskrifta får tydeleg fram kva oppgåva handlar om. Men ho er litt kjedeleg. Her hadde eit spenstigare ordval vore på sin plass.

Folk eller fe?
Denne er god! Kort med fengande språk. Dessutan reflekterer tittelen nettopp det som blir drøfta i artikkelen. Det er ikkje så farleg om det ikkje kjem heilt fram. Her vil lesaren forstå tittelen undervegs. Han vekkjer nysgjerrigheit og er snerten!

Byen er best!
Denne overskrifta fungerer dårleg. Oppgåva er ei drøfting, men når du les overskrifta, kan det verke som om det berre handlar om kor bra byen er.

Forureinga øydelegg bylivet
Denne gjer same feilen som førre overskrift: Ho får ikkje fram at teksten skal drøfte. Dessutan tar ho berre for seg eitt moment frå hovuddelen.

Livet på landet versus livet i byen, kor er den beste staden å bu?
Denne blir for lang, og tittelen er litt kjedeleg. Men han får godt fram kva teksten skal handle om.

Oppgåve 2 - klassekonkurranse!

Alle tenkjer ut ei overskrift til ein tekst om ungdom og press og skriv ho inn i eit digitalt fellesdokument – eller heilt enkelt på tavla. Deretter stemmer klassen over kva forslag som er det beste.

Diskuter: Kvifor vann akkurat denne overskrifta? Klarte ho å kort gi att temaet i fagartikkelen på ein fengjande måte?

Relatert innhald

Det aller siste du skal gjere før du leverer ein fagartikkel, er å sluttføre teksten din. Dette er ein viktig jobb for å unngå slurvefeil og dårleg språk



CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel