Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis bruke sitat i sakprosa?

Når du siterer andre, blir teksten din meir truverdig, men du treng ikkje berre sitere ekspertar på saka du skriv om. Å bruke utdrag frå skjønnlitteratur eller å sitere kjende personar kan tilføre sakprosatekstane dine kreativ snert.

I denne oppgåva skal vi sjå på korleis du kan bruke sitat frå både skjønnlitteratur og sakprosa for å gjere eigne sakprosatekstar meir kreative.

Oppgåve 1

Les dei to avsnitta under som bruker sitat frå songtekstar. Kva synest du sitata tilfører tekstane?

Tekst 1: Avsnitt i debattinnlegg om religionen si stilling i dag

"For det er sjukt dette med å si, at Gud setter oss fri / Jeg utsetter å si at du ser på en muslim / til jeg allerede har gjort inntrykk", syng Karpe Diem om det å tru på ein gud i dag. Sitatet reflekterer godt den utviklinga det moderne Noreg har hatt: Vi er mindre religiøse enn før, og det å innrømme tru styrkjer ikkje statusen din. Rett nok meiner nok Karpe Diem at muslimar er spesielt utsette for andre sine nedverdigande blikk, men òg den tradisjonelle religion i Noreg, kristendommen, går i motbakke. Færre og færre trur på Gud og Jesus. Ja, faktisk kan det vere flautt å innrømme at ein trur på slike gamle skikkar. Eller som Ida Marie Gilbert skriv det i kronikken "Flaut å være kristen": "Jeg snur Bibelen når vi får gjester. Det er enklest sånn."

Tekst 2: Fagartikkel om ungdom og press

Men kanskje er ikkje krava for høge? Kanskje er det ungdommen som forventar for mykje? Eller som diktaren Kolbein Falkeid skriv i diktet "VII": "Men hvem sa at dagene våre / skulle være gratis? / At de skulle snurre rundt / på lykkehjulet i hjertet vårt / og hver kveld /stoppe på gevinst?" Falkeids poeng er at livet ikkje er ein dans på roser. Vi må rekne med motgang, og vi må rekne med å jobbe hardt om vi ønskjer å oppnå noko. Dette perspektivet kan det verke som om mange unge i Noreg i dag har gløymt.

Oppgåve 2

Anten: Skriv eit avsnitt om eit valfritt emne. Finn sitat frå dikt eller songtekstar som du synest er gode for å få fram poenget ditt.

Eller: Skriv eit avsnitt om eitt av emna under. Du finn tips til dikt eller songtekstar du kan bruke i avsnittet. Tekstane finn du på internett. Vel blant emna

  • dårleg åtferd, såkalla "trolling" i kommentarfelta på internett (tips til songtekst: "Lett å vere rebell i kjellerleiligheten din" av Karpe Diem)
  • samisk utanforskap (tips til songtekst: "Krigstrommer" av den samiske rapparen Slincraze)
  • kritikk av norsk klimapolitikk (tips til songtekst: "Hei Erna" av Jon Olav)
  • klasseforskjellar og styresmaktene sin manglande viljen til å gjere noko med dei (tips til songtekst: "Budskapet" av Timbuktu – teksten som fekk Sveriges statsminister til å rappe eit motsvar)
  • norsk flyktningpolitikk (tips til songtekst: "Menneska" av Marthe Valle)
  • mobilavhengnad (tips til dikt: "Mayday" av Lars Saabye Christensen)

Relatert innhald

Songteksten og musikkvideoen til "Menneska".

Oppgåve 3

Utdraget under høyrer til ein fagartikkel om generasjonsforskjellar.

  1. Kva synest du sitatet tilfører avsnittet?
  2. Skriv eit avsnitt som argumenterer for at det ikkje er ungdomsgenerasjonen som er uansvarleg, men foreldregenerasjonen. Årsaka er at foreldregenerasjonen ikkje tek tak i miljøproblema. Finn eit sitat du synest kan få fram dette. Til dømes kan du bruke Greta Thunbergs tale i FN.

Mange vaksne kritiserer dagens ungdom for å vere bortskjemde og uhøflege. Dei synest vi har fått alt i fanget utan å måtte gjere noko for det, eller som ein klok mann sa: "Ungdommen nå for tiden foretrekker luksus, har dårlige manerer, fornekter autoritet, har ingen respekt for eldre mennesker, prater når de egentlig burde arbeide, motsier foreldrene sine og tyranniserer sine lærere." Viss vi likevel ser litt nærare på denne utsegna, så viser ho at dagens ungdom nok ikkje er så mykje verre enn tidlegare generasjonar, for dette er ikkje eit sitat frå i år. Det er sagt av den greske filosofen Sokrates cirka 400 f. Kr. Så kanskje er det slik at det er oppgåva til foreldregenerasjonen å kritisere barna sine? (Thunberg, 2019)

Kjelder

Abdelmaguid M. Y. (2010). Tusen tegninger [Innspilt av Karpe Diem]. På Aldri solgt en løgn [CD]. Oslo: Bonnier Amigo.

Gilbert I.M. (2014, 2. februar). Flaut å være kristen. Henta 25. mai 2020 frå https://www.nrk.no/ytring/flaut-a-vaere-kristen-1.11508161

Thunberg, Greta. (2019). Tale til FN. Henta 25.mai 2020 frå https://www.aftenposten.no/verden/i/K31Vw4/her-er-greta-thunbergs-tale-til-fn?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel