Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hald ein tale!

Skriv og framfør ein enkel tale om ein person du set høgt, og set opp vurderingskriterium for ein god tale.
Elevar i eit klasserom. Nokon sit ved pultar med pc-en oppe og viser fram arbeidet sitt, andre står ved sida av og ser på. Alle er engasjerte og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Skriv manus til ein hyllesttale etter grunnoppskrifta. Vel eitt av desse emna:

  1. ein person, eit kjæledyr eller ein ting som betyr mykje for deg
  2. eit bursdagsbarn i klassen
  3. ein bok- eller filmkarakter som du har sansen for

Manuset ditt skal vere på mellom 350 og 500 ord.

Oppgåve 2

Kva for krav bør vi stille til tale og framføring? Lag eit forslag til vurderingskriterium. Jobb gjerne i grupper! Tenk på

  1. kva oppgåveteksten krev
  2. kva som gir talaren truverd (etos)
  3. korleis talen bør vere bygd opp og kva han bør innehalde (logos)
  4. kva talaren bør gjere for å gripe publikum (patos)

Skriv ned to-tre konkrete krav per kulepunkt over som de ser på som viktige. Bli så einige i klassen om kva for seks til ti kriterium som er viktigast. Prøv å formulere dei kort og konkret.

Oppgåve 3

Framfør talen din for klassen. Tillate hjelpemiddel er ein liten hugselapp på opptil 50 ord.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2019

Læringsressursar

Talar