Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Taledøme

Sjå nærare på ein tale som følgjer den enkle taledisposisjonen .
Opne bilete i eit nytt vindauge

Taledøme

Kjære elevar i klasse 2BUA!

"Kvar sak har to sider", seier vi gjerne. Og det stemmer iallfall når det gjeld dei to små skurkane frå barnelitteraturen som eg har tenkt å seie litt om i dag.

No lurer de kanskje på kven det er eg har tenkt å snakke om? Jau, det er to småe krabatar som de sikkert kjenner. Dei er lettare berykta fordi dei har herja rundt i tennene til ein gut som heiter Jens – ja, riktig, Karius og Baktus, det er det dei heiter.

Mannen som har skapt desse to små karane, heiter Thorbjørn Egner. Veit de kor gamal historia om Karius og Baktus er? – Over 70 år, faktisk! Men forteljinga er framleis veldig populær blant barn.

Ein kunne lett tenkt at desse to tannbakteriane eigentleg berre er to skurkar, og gudskjelov at Jens blei kvitt dei! Men vi har jo også litt sympati med dei to stakkarane som til slutt blir skylte ut av munnen til Jens og endar opp drivande på ein flåte langt ute på havet. Det kjem av at dei mellom anna også har positive og sterke eigenskapar, og dei skal eg no sjå litt nærare på.

For det første: Karius og Baktus er gode brør. Dei tek vare på kvarandre og hjelper kvarandre slik brør skal, ingen lar den andre i stikken.

For det andre: Karius og Baktus er arbeidsame! Dei jobbar jamnt og trutt med å byggje hus i tennene til Jens, her ligg ingen på latsida!

Og for det tredje: Karius og Baktus er mykje meir sjølvstendige enn Jensemann! I motsetning til Jens klarer dei seg utan mamma som passar på dei.

Som eg sa innleiingsvis: Kvar sak har to sider. I boka om Karius og Baktus er det strengt teke Karius og Baktus som er skurkane, medan Jens, tannlegen, mora, tannbørsten og boret alle kjempar det godes sak. Men som de har høyrt, har Karius og Baktus ei rekkje eigenskapar som vi set pris på hos andre – og som vi alle saman kunne tenkt oss å ha sjølv.

Derfor vil eg avslutte med å seie: Hipp-hipp-hurra for Karius og Baktus, dei mest sympatiske skurkane i norsk barnelitteratur!

Oppgåve

Taledømet følgjer stort sett den enkle oppskrifta du no kjenner til.

  1. Del opp talen i innleiing, hovuddel og avslutning. Kvar er overgangane?
  2. Forklar kort kva dei enkelte avsnitta handlar om. Kan du knyte avsnitta til konkrete kulepunkt i oppskrifta?
  3. Kva for råd er det talaren har følgt, kva slags grep og tips har hen utnytta?
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2019

Læringsressursar

Talar