Hopp til innhald

Fagstoff

Enkel taledisposisjon

Menneske vi er glade i fortener av og til nokre gode, velvalde ord. Lær korleis du byggjer opp ein enkel hyllesttale.
Forskjellige kaker på eit kakebord: vannbakkels, pent pynta muffinsar, blautkake, gulrotkake, fondantkake og sitronterte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal halde ein hyllesttale, kan du til vanleg rekne med eit lydhøyrt og positivt innstilt publikum. Jobben din blir å vise kvifor du (og tilhøyrarane) set pris på den du snakkar om. I tillegg skal du gi publikum ei hyggeleg oppleving. Slik kan du byggje opp talen din:

Innleiing

  • Hils på tilhøyrarane og sørg for at du får merksemda deira.
  • Du kan til dømes fortelje ei lita, morosam historie, du kan starte med nokre visdomsord, eller du kan kome med ein påstand eller eit spørsmål som gjer publikum nyfikne.
  • Fortel kven du skal snakke om.
  • Sei noko om bakgrunnen til denne personen. Det kan vere oppvekst, familie, yrke/karriere og liknande.

Hovuddel

  • Fortel kort kvifor du har valt å snakke om denne personen.
  • Nemn tre eigenskapar som utmerker denne personen, og kom med døme som provar at personen eig desse eigenskapane.
  • Du kan nemne ein (tilsynelatande) veikskap ved personen, men då helst på humoristisk vis. Det er ros, ikkje ris, som er formålet med hyllesttalen.

Avslutning

  • I avslutninga kjem du med ei oppsummering og/eller ein konklusjon.
  • Avslutninga skal ikkje innehalde nokon heilt nye punkt.
  • Du kan avslutte med ei oppfordring (ein skål, eit hurra osv.) om det passar.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2019

Læringsressursar

Talar