Hopp til innhald
Øving

Diskusjonsøvingar

Øv på ferdigheiter som de kan bruke i diskusjonar, både i klasserommet og i samfunnet elles.

Oppgåve

  • Gå saman i grupper på tre.
  • Den i gruppa som har fødselsdag først, får ansvaret for å styre diskusjonen.
  • Dei to andre i gruppa skal no diskutere eit tema og samtidig øve på ulike ferdigheiter som vi veit bidreg til betre diskusjonar.
  • Tredjemann i gruppa passar på at de følgjer diskusjonsreglane og kjem med tilbakemeldingar etter øvinga. De kan diskutere tilbakemeldingane saman i gruppa etterpå. Kva fungerte bra, og kva kunne vore betre?
  • Vel eitt av desse temaa (eller finn på eit eige):

    - ytringsfridom på nett
    - jenter og gaming
    - gutar og psykisk helse

  • Bruk litt tid på å førebu dykk på emnet de skal diskutere før de set i gong med sjølve diskusjonen. Skriv ned det du veit om emnet, argument for og i mot, og finn pålitelege kjelder som du kan trekkje inn i diskusjonen.

Gjennomføring

Vel ein gjenstand (ein blyant, eit samankrølla ark) som skal vere ein slags stafettpinne for snakking. Det er berre lov å snakke når du held denne. Dette kan gjere det enklare å øve på å lytte til kvarandre utan å avbryte. Den som har ansvaret for å styre diskusjonen, passar på at gjenstanden blir overlevert på ein god måte, slik at begge får snakke utan avbrytingar.

Byt på å dele synspunkt om saka de har valt. Skriv gjerne ned hjelpesetningane og bruk dei i diskusjonen.

Diskusjonsreglar

  1. Vis at du lyttar og har forstått partnaren ved å prøve å gjenta hovudpoenget til den andre.
    Hjelpesetningar: Det du meiner er altså at … Eg forstår det slik at du seier at ...
  2. Bygg på kvarandre sine synspunkt.
    Hjelpesetningar: Eg vil leggje til det du seier … Kva om det du seier er … Eg høyrer kva du seier, og eg trur at dette kan bety at ...
  3. Vis når du er ueining, men utan å angripe personar eller ved å vere usakleg. Vis òg at du set pris på at andre kjem med synspunkta sine, sjølv om dei er ueinige med deg.
    Hjelpesetningar: Eg er ueinig med deg i dette, fordi eg meiner at ...
    Det er viktig at du kjem med meininga di, fordi det gjer at eg ser ...
  4. Pass på kroppsspråket ditt. Å himle med auga, flire eller sitje med armane i kors kan verke respektlaust og avvisande.
  5. Be den andre om å utdjupe synspunkta og påstandane sine. Det kan bidra til at de lyttar meir merksamt til kvarandre. Det kan òg rydde opp i misforståingar.
    Hjelpesetningar: Kan du fortelje meg meir om ...? Kva slags kunnskap eller kjelder byggjer du denne påstanden på? Kan du forklare kva du meiner med ...?