Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hatprat? Hatytringar?

Kva handlar hatytringer om? I denne filmen diskuterer elevar, ein forskar og politiet kva dette betyr, og kva det fører meg seg. Sjå filmen og jobb deretter med oppgåvene munnleg eller skriftleg.

Oppgåve 1.

  1. Det er ofte diskusjon om kva som er forskjellen mellom fornærmingar og hatefulle ytringar, og korleis ytringsfridom kan definerast. Kva meiner du kan kallast hatefulle ytringar? Kan du gi nokon døme?
  2. Anna Birgitta Nilsen, professor og forfattar av "Hatprat", seier noko om kva hatefulle ytringar kan karakteriserast som. Kva er det ho peiker på når vi skal definere og forklare kva hatefulle ytringar er? Nilsen påpeiker òg at hatytringar er ei utfordring for demokratiet. Kva betyr det, ifølge Nilsen?

  3. Nettpatruljen til politiet er ein viktig instans i arbeidet mot hatytringar, og i videoen forklarer dei korleis dei jobbar aktivt mot hatytringar i si rolle. Korleis jobbar politiet? Kva kan konsekvensane av hatytringar bli når politiet følger opp ulike saker?

Oppgåve 2.

Det finst mange informasjonsressursar om dette emnet. Ein av dei er:

Bufdir: Informasjonsside om hatytringar

  1. Les artikkelen "Kva er hatytringer?" på informasjonssida i lenka over. Korleis blir hatytringar definerte ? Kva kjenneteikn har slike ytringar, ifølge denne teksten?

  2. Les straffelovas § 185 om hatefulle ytringar og minst to av dei relevante avgjerdene frå Høgsterett som er nemnde på Bufdir si side. Kvar går grensa mellom kva som blir rekna som hatefulle ytringar, og kva som blir omfatta av ytringsfridommen?

  3. Finst det døme på ytringar som ikkje er ulovlege, men som er moralsk forkastelege, meiner de?
CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar