Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor godt les du andre?

Ein viktig del av å kommunisere med andre er å lese kroppsspråk og ansiktsuttrykk. Kan du sjå kven programleiar Live Nelvik trivst best saman med ved å sjå på klipp frå "Dama til" utan lyd og teksting?

Oppgåve

1. Sjå klippa nedanfor utan lyd og teksting


NRK "Dama til": Heime hos Hellstrøm

NRK "Dama til: " Sushi og speldate hos Staysman

2. Legg merke til:

  1. Kva slags kjensler viser Live Nelvik?
  2. Kva slags kjensler viser Eyvind Hellstrøm og Stian "Staysman" Torbjørnsen?
  3. Ser det ut som Live og Hellstrøm trivst saman? Korleis viser dei at dei har det fint saman? Korleis ser du det når dei ikkje har det fullt så fint? Skriv ned det du observerer.
  4. Ser det ut som at Staysman og Live finn tonen? Korleis viser dei at dei har det fint saman? Korleis ser du det når dei ikkje har det fullt så fint? Skriv ned det du observerer.

3. Reflekter

  1. Kor mykje av det som skjer i klippa får du med deg, sjølv utan lyd og tekst?
  2. Korleis kan du bruke det du har lært her, når du kommuniserer med andre på skulen, på jobb og i livet elles?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2019

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar