Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tru og kunnskap i Erasmus Montanus og dagens klimakamp

Visste du at det finst menneske i dag som trur at jorda er flat? Det same trudde Erasmus' familie i Holbergs komedie Erasmus Montanus. I denne oppgåva skal du undersøkje forholdet mellom tru, overtru og kunnskap i Erasmus Montanus og eit debattinnlegg frå klimaskeptikaren Carl I. Hagen.
Jorda som ei flat skive der Nordpolen ligg i midten og Antarktis som ein frossen kant rundt skiva. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1

Førestill deg at du møter ein persom som berre trur på det hen ser med eigne auge – ein som stoler på den "sunne fornufta si" og ikkje kunnskap og forsking. Vil du klare å overtyde hen om at jorda er rund og i stadig bevegelse?

  1. Prøv dykk. Sit saman to og to. Prøv å gi gode svar til flat-jord-tilhengjaren i fellesskap ved å gjere oppgåva under.

  2. Diskuter i grupper: Meiner de at de klarte å gi svar som var gode nok til å overtyde? Kva gjekk bra, og kva var vanskeleg?

Del 2: Les eller sjå Erasmus Montanus

No skal de utforske Erasmus Montanus, komedien Ludvig Holberg skreiv i 1722–1723. De kan gjere dette på ulike måtar. Vi foreslår to alternativ.

Alternativ 1:

De les sentrale utdrag frå stykket: Utdrag frå Erasmus Montanus frå Cappelen Damm.

Gå gjerne saman i grupper og fordel rollene mellom dykk. Teksten er eit drama, og skodespel er skrivne for å framførast.

Alternativ 2:

De ser heile stykket sett opp av Fjernsynsteateret (under).

Del 3: Diskuter Erasmus Montanus

  1. Karakteriser Erasmus, Per Degn, Jacob og foreldra hans. Bruk sitat frå teksten for å grunngi tolkinga di.

  2. Kva motsetningar og konfliktar finn de i teksten? Grunngi ved å vise til sitat.

  3. Peik på alle tekstutdraga som de meiner tematiserer konflikten mellom tru/overtru på den eine sida og kunnskap, kunnskap og forsking på den andre sida.

  4. Erasmus Montanus er ein satirisk karakterkomedie. Det vil seie at hovudkarakteren gjerne har ei dårleg side eller ein last som fører til konflikt. Dermed oppstår det intrigar og forviklingar, og til slutt går hovudpersonen på eit nederlag og må lære av feila sine.

    Kva meiner de er Erasmus' dårlege side eller feil?

  5. Diskuter slutten: Kvifor trur de Holberg lèt Erasmus seie at jorda er flat, sjølv om dette er feil?

Del 4: Dagens klimakrise: Går det an å tru på han?

Diskuter i klassen:

  1. Korleis kjem konflikten mellom tru og kunnskap/forsking til syne i debattar om klimakrisa?

  2. Har de opplevd å møte nokon eller lese debattinnlegg av nokon som ikkje trur klimakrisa er menneskeskapt? Kva argument har dei brukt?

Del 5: Carl i Hagen, ein moderne Jeppe Berg?

29. november 2020 skreiv 13 forskingsinstitusjonar det svært korte debattinnlegget "Tre uomtvistelige fakta om klimaendringer" på Aftenposten.no.

Filer

Tidlegare leiar av Framstegspartiet, Carl I. Hagen, svarte kort tid etter ved å skrive tilsvaret "Tre uomtvistelige fakta om klima er ren løgn!"

Filer

  1. Les debattinnlegget "Tre uomtvistelige fakta om klimaendringer". Korleis meiner de avsendaren prøver å overtyde mottakarane? Bruk fagomgrep frå retorikken.

  2. Les deretter Carl I. Hagens debattinnlegg. Gå i djupna på teksten ved å svare på desse spørsmåla:

    • Kva er hovudsynet i innlegget?

    • Kvifor trur de Carl I. Hagen startar med ein referanse til eventyret "Keiserens nye klede"?

    • Korleis prøver Carl I. Hagen å overtyde mottakarane sine i lesarinnlegget? Bruk omgrep frå retorikken.

Kritisk lesning av Carl I. Hagens lesarinnlegg

No skal de lese teksten med eit kritisk blikk. Målet er å først "plukke frå kvarandre" teksten og finne argumenta Carl I. Hagen bruker for å overtyde.

Jobb i par:

  1. Les nøye gjennom teksten og skriv ned alle argumenta Carl I. Hagen bruker for å overtyde om at forskarane har teke feil.

  2. Set ord på Carl I. Hagens argumentasjon. Her bør de finne døme på

    • forsøk på å svekkje etos til forskarane som skreiv innlegget "Tre uomtvistelige fakta om klimaendringer"

    • forsøk på latterleggjering av forskarane

    • forsøk på å styrkje eiga sak ved å låne etos frå fagpersonar

    • verdiladde ord som speler på patos

    • premissar som skal appellere til fornufta (logos)

Diskuter premissane i teksten

Diskuter i klassen: Stemmer premissane til Carl I. Hagen? Om de er ueinige med han, må de finne bevis som kan avkrefte Hagens argumentasjon.

Ein moderne Jeppe Bjerg?

Diskuter i klassen: Kva likskapar ser de mellom komedien Erasmus Montanus og konflikten mellom klimaskeptikarar og dei som åtvarar mot menneskeskapte klimaendringar?

Del 6: Skriv eit debattinnlegg

Skriv eit debattinnlegg som svarer på Carl I. Hagens tekst. Bruk gjerne referansar til Erasmus Montanus, på same måten som Carl I. Hagen gjer når han bruker eventyret "Keiserens nye klede" i teksten sin.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021

Læringsressursar

Ver kritisk!