Kan argumentasjon skape splid og hat? - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kan argumentasjon skape splid og hat?

Krass ordbruk og konstruksjon av fiendebilete kan skape sterke, negative kjensler mellom menneske. Korleis kan kunnskap om argumentasjon gi oss verktøy til å forstå og kjempe mot hat og utanforskap?

Hatytringar

Språket kan påverke korleis vi forstår verda rundt oss. Til dømes kan bestemde måtar å omtale andre menneske på, vere med på å danne fiendebilete eller rangere menneske som mindreverdige. Hatefulle ytringar om ei gruppe menneske kan føre til at vi ser på dei som fienden som truar "oss andre".

Denne måten å omtale andre på blir kalla hatretorikk eller hatytringar. Viss slike ytringar om ei bestemd gruppe blir vanlege, kan det skape utanforskap og usemje mellom menneske i samfunnet vårt.

Kunnskap om argumentasjon og språk kan derfor vere ein nødvendig reiskap for å forstå kva som skjer i samfunnet vi lever i. Vi kan tolke den offentlege debatten og mediebodskapane rundt oss ved å analysere verkemidla som blir brukte.

Tenk over / diskuter:

Før i tida vart det sett merkelappar som "neger", "krøpling" og "idiot" på menneske som skilde seg ut på eit vis (hudfarge eller nedsett funksjonsevne).

  • Kvifor trur du desse merkelappane for det meste har forsvunne frå språket vårt?
  • Har du døme på situasjonar der det kan vere nyttig å bruke "oss" og "dei" for å styrkje tilhøyrsle og avstand?

"Oss" mot "dei"

Hatretorikken fungerer slik at vi lagar kategoriar for menneske der nokon er innanfor og nokon er utanfor. Vi kan sjå på kven som blir inkluderte i omgrepet "oss", og kven som blir skilde ut ved å bruke omgrepet "dei". Dette blir også kalla inngrupper og utgrupper.

Det ligg ofte som premiss i slik argumentasjon at "dei" ikkje får vere med "oss", fordi det er noko grunnleggjande gale med dei. Slik blir "dei andre" kategoriserte i grupper på bakgrunn av fordommar om til dømes religion, etnisk opphav, seksuell orientering eller funksjonsevne.

Ved hjelp av språket kan vi slik signalisere avstand til utgruppa og nærleik til inngruppa, og dette forsterkar forskjellane mellom dei. Når vi i tillegg koplar negative eigenskapar til "dei", i kontrast til dei positive eigenskapane "vi" har, har vi etablert eit fiendebilete.

Eit døme

Forfattarane bak Aftenposten-kronikken "Drøm fra Disneyland" vart kritiserte for å bruke ein retorikk som skapte eit bilete av Arbeidarpartiet som landssvikarar. Forfattarane har i ettertid beklaga dei sterke verkemidla dei brukte. Vi skal sjå nærare på eit par sitat:

Vi som er glad i Norge og som verdsetter tilhørigheten og identiteten landets kulturelle fellesskap representerer, ser med undring og uro på hvordan dette fellesskapet forvitrer og undergraves av en innvandringspolitikk uten bærekraft

og

Men, vil vi hjelpe Arbeiderpartiet med å bytte ut norsk kultur med «flerkultur»? Aldri! Vil vi bidra til kultursviket? Ikke om noen satte opp plakaten «skutt blir den som ...»! Vil vi noen gang føle oss «flerkulturelle»? Aldri i verden!

Her blir eit "vi", som er norske patriotar, sett opp mot "dei andre" som ikkje bryr seg om det norske fellesskapet og norske verdiar, slik at samfunnet "forvitrar" og verdiane forsvinn. Forfattarane òg til plakatane til nazistane under okkupasjonen av Noreg for å skape eit inntrykk av at AP er forrædarar, i motsetning til dei sjølve. Dei svært positivt og negativt ladde orda i sitata er med på å forsterke avstanden mellom dei to sidene i konflikten som blir skissert opp i teksten.

Det er vanskeleg å bevise eller motprove påstandane som blir lagde fram. Det manglar ein open argumentasjon som du som les kan ta stilling til sjølv. Argumentasjonen går føre seg i det skjulte, via kjenslene, og lesaren vil kanskje helst høyre til gruppa som bryr seg og stiller seg på sida til forfattaren her.

Ei slik ytring åleine vil ikkje ha så stor påverknad på samfunnet, men i ein kontekst av hatefulle ytringar om "dei andre" kan ei slik ytring ha stor kraft.

Tenk over / diskuter:

Finn ei setning i eit debattinnlegg på nett der ordet "vi" er brukt, og diskuter kven som er inkluderte og ekskluderte i dette "vi-et".

Ord som skaper negative kjensler om andre

I tillegg kan måten vi snakkar om andre på, gi inntrykk av at dei ikkje er like mykje verd som "oss andre". Dette kallast dehumanisering. Vi har mange døme på dette verkemiddelet i historia. I andre verdskrigen vart jødane som gruppe omtalte i media som framande og mindreverdige, med ord som "rotter", "basillar" og "vampyrar".

I 1994 vart folkegruppa tutsiar kalla kakerlakkar i rwandiske radiostasjonar som sende hatpropaganda. Dette var med på å utløyse folkemordet i Rwanda, der nesten ein million menneske vart drepne.

Begge desse tilfella er døme på skjult argumentasjon. Gjennom å samanlikne jødane og tutsiane med skadedyr appellerte dette til negative kjensler som avsky, frykt og mistillit. Ved å gjere "dei andre" svake, styrkjer vi òg vårt eige sjølvbilete – vi føler oss overlegne.

Hatretorikk i dag

I dagens debattklima er muslimar ei gruppe som blir omtalte på ein liknande måte. Fiendebiletet har ført til at islamofobi har vorte eit eige omgrep, på lik linje med antisemittisme (jødehat), som dessverre òg framleis er til stades i samfunnet vårt.

I rapporten "Holdninger til muslimer og jøder i Norge 2017" frå Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter svarte 39 prosent av dei spurde at dei var samde i påstanden "muslimer utgjør en trussel mot norsk kultur". Dette har fått regjeringa til å lage ein handlingsplan mot muslimhets.

Tenk over / diskuter:

Korleis kan måten vi snakkar om flyktningane som har kome inn til Europa via Hellas på, påverke kor villige vi er til å hjelpe?

Viss du skulle laga ein handlingsplan mot hatretorikk, korleis ville han ha sett ut?

Kva med ytringsfridomen?

I demokratiske samfunn er ytringsfridomen heilt sentral. Bakgrunnen for denne retten er at menneske med makt ikkje skal kunne misbruke den makta for å stoppe meiningsmotstandarar.

Religionskritikk eller hat?

Religionskritikk har vore viktig i utviklinga av moderne samfunn, fordi han har utfordra haldningar og verdssyn som har vore i konflikt med meir moderne verdiar, som menneskerettar og demokratiet. Viktige verdiar i religiøse trusretningar kan til dømes kome i konflikt med det mange ser på som sentrale, demokratiske verdiar. Då er det riktig å vere kritiske til desse. Men kva skjer når nokon tek i bruk eit språk som har trekk av hatretorikk, og som råkar religiøse menneske som gruppe? Er det då framleis berre religionskritikk?

Her møter vi eit dilemma. Vi ønskjer ytringsfridom, men ønskjer òg å verne menneske og grupper mot diskriminering. Derfor har straffelova lagt ei avgrensing på denne fridomen. Lær meir om denne lova i filmen frå Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) under. I Straffelovens paragraf 185 om hatefulle ytringar står det:

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring.

Tenk over / diskuter:

Diskusjonen om kvar grensene for ytringsfridomen bør gå, er ein viktig, men vanskeleg diskusjon. Kva meiner du?

Kva slags språkbruk kan utgjere forskjellen mellom religionskritikk og hets av dei religiøse som gruppe?

Kjelder

Grue, J. & Svendsen, H. L. (2019, 15. mai). Retorikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/retorikk

Lenz, C. (2015, juli). Hatprat i klasserommet. 22. juli-senteret. https://22julisenteret.no/ressurs/hatprat-i-klasserommet/

Nilsen, A. B. (2017, 12. september). Slik virker hatretorikken. Forskning.no. https://forskning.no/sprak-politikk-innvandring/debattinnlegg-slik-virker-hatretorikken/1162374

Ottosen, R. (2019, februar). Et varslet folkemord? Dekning av Holocaust i norsk og svensk presse. Idunn, 26(2). https://www.idunn.no/nmt/2019/02/et_varslet_folkemord

Prestegård, S. (2019, 22. august). Regjeringen lager egen handlingsplan mot muslimhets. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/nyheter/innenriks/regjeringen-lager-egen-handlingsplan-mot-muslimhets-1.1572870

Rem, T. (2019, 4. oktober). Bokanmeldelse: Jødefiendtlig propaganda på norsk. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/9v0Orr/bokanmeldelse-joedefiendtlig-propaganda-paa-norsk

Strømmen, Ø. (2019, 23. august). Islamofobi. I Store norske leksikon. https://snl.no/islamofobi

Tobiassen, T. (2017, 4. august). Slik revolusjonerte Rwanda utdanningen for å forhindre et nytt folkemord. Universitas. https://www.universitas.no/rwanda/slik-revolusjonerte-rwanda-utdanningen-for-a-forhindre-et-nytt-folkemord/150963

Tybring-Gjedde, C. & Amundsen, K. (2010, 27. august). Drøm fra Disneyland. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/kaxkv/droem-fra-disneyland

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022