Snakk som ein viking
Markus Dahlslett ønskte å attskape det norrøne språket då han skulle lage kortfilmen Trace. Men han visste eigentleg ikkje korleis vikingane snakka. Les om filmen på nettsida Gemini.no under og svar på spørsmåla:
- Kvifor syntest Dahlslett det var så viktig at personane i filmen snakka norrønt?
- Korleis gjekk han fram for å attskape norrønt?
- Kva utfordringar møtte han på i arbeidet?
Relatert innhald
Sjå filmen og diskuter:
- Synest de regissøren lykkast med å skape autentisitet, slik han seier han ønskjer i intervjuet?
- Hadde filmen gjort eit annleis inntrykk med norsk eller engelsk tale? Korleis då, i så fall?
I videoen over har dei prøvd å rekonstruere det norrøne språket. Lytt til videoen og gjer oppgåvene under:
- Noter ned lydar du høyrer som du ikkje kjenner igjen frå moderne norsk.
- Sjå videoen ein gong til og prøv å skrive ned kva bokstavar som representerer lydar du ikkje kjenner igjen frå norsk.
- Diskuter med sidemannen: Kva forskjellar la de merke til?
No skal de prøve å snakke som vikingane. Under finn du eit utdrag frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er ein scene der hovudpersonen Gunnlaug er i kamp mot fienden sin, Ravn.
- Gå saman to og to og les teksten høgt for kvarandre. Gjenta heilt til de synest de får ein god flyt i språket.
- Torer nokon å lese høgt for klassen? Les gjerne med innleving.
Norrønt | Norsk |
---|---|
Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug, bróður sinn, ein Svertingr Hafr-Bjarnarson fyrir Hrafn. Þrem mörkum silfrs skyldi sá leysa sik af hólminum, er sárr yrði. | Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug, og Sverting Havr-Bjørnssønn for Ravn. Den som blei såra, skulle løyse seg av holmen med to marker sølv. |
Diskuter desse påstandane i klassen:
- Norrønt og islandsk høyrest heilt likt ut. Språket på Island har ikkje forandra seg sidan vikingtida.
- I tidleg vikingtid snakka alle menneske i Norden same språket (i tillegg til samisk, då).
- Det var danske vikingar som tok med seg det norrøne språket til Færøyane og Island.
Var de ueinige om nokon av påstandane? Ler meir om forholdet mellom norrønt og islandsk i filmen under:
Kjelder:
Spurkland, T (1989). Innføring i norrønt språk. Oslo: Universitetsforlaget.