På rundtur i bussen
Køyretøyforskrifta §8 deler bussar med over 22 passasjerplassar inn i tre ulike klassar:
Bussar i klasse 1 har ståplassar slik at det er mogleg med hyppig av- og påstiging.
Bussar i klasse 2 er hovudsakleg innretta med sitteplassar, men dei også kan ta med nokre ståande passasjerar. Bybussar er vanlegvis bussar i klasse 2.
Bussar i klasse 3 har berre sitteplassar, ingen ståplassar. Turbussar og ekspressbussar er typiske bussar i klasse 3.
Bussar med sitteplassar, altså bussar i klasse 2 og 3, har krav om bilbelte. Detaljerte reglar for dette finst i køyretøyforskrifta §16-3.
Bli med på ein rundtur i og utanfor ein bybuss i klasse 2! Flytt deg rundt i bussen for å sjå på utstyr og funksjonar som du må kjenne til.
Det er strenge krav til teknisk, digitalt og manuelt utstyr i ein buss. Dette utstyret skal vere på plass:
Brannsløkkar
Alkolås
Førstehjelpsutstyr
Nødhammarar
Sikringsbelte
Video-overvaking
Nødopnarar og nødutgangar
Kjettingar
Følg ein sjåfør som gjennomfører dagleg kontroll av buss.