Hopp til innhald

Fagstoff

Rullestolheis i buss

For at ein rullestolbrukar enklare skal komme inn i ein buss, er det installert ein heis som sjåføren betener mens hen står utanfor bussen.

Slik fungerer rullestolheisen

  1. Bussjåføren står ved midtdøra og koplar beteningspanelet til bussen via ein leidning. Då er heisen aktivert.

  2. Sjåføren betener panelet slik at rullestolheisen kjem ut frå parkeringsstilling til grunnposisjon utanfor bussen.

  3. Når heisen har komme i grunnposisjon, monterer sjåføren dei nedfellbare sikringsgjerda.

  4. Heisen blir køyrd ned til bakken, der rullebarrikaden blir deaktivert automatisk. Rullestolbrukaren kan no rulle fritt inn på heisen.

  5. Når heisen blir køyrd opp, blir rullebarrikaden aktivert så snart heisen forlet bakken, og sjåføren køyrer heisen heilt opp til golvnivå i bussen. Rullestolbrukaren kan no rulle direkte inn på golvet i bussen.

  6. Sjåføren køyrer heisen ned i grunnstilling og feller ned sikringsgjerda. Då er heisen klargjord for parkering.

  7. Heisen blir køyrd inn i trappeseksjonen til bussen for parkering.

  8. Sjåføren koplar frå beteningspanelet slik at bussen igjen kan køyre.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Bruk av buss