Hopp til innhald

Fagstoff

Dagleg kontroll av buss

Når du arbeider som bussjåfør, må du kjenne til alt av utstyr og funksjonar i bussen. Du må også kvar dag kontrollere at bussen er trygg å køyre, og du må sjølv gjennom ein enkel kontroll før du byrjar på arbeidsdagen din.

Viktige funksjonar i ein buss

Veit du kva som finst av utstyr og funksjonar i ein buss? I det interaktive biletet nedanfor kan du bevege deg rundt i ein buss i klasse 2 (bybuss), og du kan lære meir om delar og utstyr og kva dei blir brukte til.

Dagleg kontroll

Før du set deg i bussen om morgonen og byrjar å køyre, må du kontrollere at bussen fungerer som han skal. I videoen nedanfor lærer du kva det er du må sjekke, og korleis du gjer det. Bli med på ein dagleg kontroll saman med ein bussjåfør!

Alkolås

Før du kan starte bussen, må du også puste i eit alkometer. Det er eit apparat som måler alkoholkonsentrasjonen i blodet ditt. Berre viss apparatet viser godkjende verdiar, får du starta køyretøyet.

Alle bussar og minibussar som er registrerte i Noreg etter 1. januar 2019, og som blir brukte til persontransport mot betaling, skal vere utstyrte med alkolås. Køyretøy som er eldre, må få ettermontert alkolås innan utgangen av 2023 eller takast ut av drift.

I videoen nedanfor forklarer og demonstrerer ein sjåfør korleis alkometeret fungerer.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Bruk av buss