Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis fungerer ein alkolås?

For at ein skal vere sikker på at alle som køyrer buss, overheld promillegrensa, er det installert alkolås i bussen.

Alkolås

Alkohollås i ein buss. Eit lite apparat med leidning i ein haldar på veggen, med eit hol til innblåsing øvst og eit lite display under. I displayet står det "God tur vidare". Foto.

Ein alkolås er ei teknisk anordning som blir kopla til tenningssystemet i eit køyretøy. Ho består av eit handsett med munnstykke og ein leidning som går til ein elektronisk boks som er kopla til tenningssystemet. Alkolås kan monterast i både lette og tunge køyretøy.

Handsettet liknar på promillemålarane politiet bruker i kontroll. Føraren må blåse i munnstykket, og dersom han eller ho har promille over den tillatne grensa, starar ikkje køyretøyet. Promillegrensa i Noreg er 0,2.

CC BY-SASkrive av Mette Broen og Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2023

Læringsressursar

Digitalt arbeidsutstyr