Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegging av persontransport

Fagartikkel

Krav til utstyr i køyretøyet

Det er reglar for kva slags sikringsutstyr og anna utstyr som skal vere tilgjengeleg i buss. Krava er noko ulike for dei forskjellige klassane, men mykje utstyr er likt i dei fleste bussklassane.

Det er reglar for kva slags sikringsutstyr og anna utstyr som skal vere tilgjengeleg i buss. Krava er noko ulike for dei forskjellige klassane, men mykje utstyr er likt i dei fleste bussklassane.

Førstehjelpsutstyr

Førstehjelpsskrinet bør innehalde

  • eingongshanskar

  • saltvatn (kan brukast som sårvask og augeskyljing)

  • sårvask og sårsalve

  • augeskyljeglas eller -flaske

  • tupferar for reinsing av sår

  • plaster, kompressar, bandasjar, sårteip i ulike storleikar

  • branngelé

  • enkeltmannspakke

Setebelte

Dei fleste nyare bussar har i dag setebelte. Setebeltet skal nyttast under bussturen. Kvar enkelt passasjer har ansvar for å nytte belte. Sjåføren har ansvar for barn og ungdom under 15 år og må sjå til at dei bruker sikringsbelte.

Demonstrasjon av setebelte i buss. Video: Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0

Brannsløkkingsapparat

Alle bussar må ha tilgjengeleg brannsløkkingsapparat.

I buss med inntil 22 sitjeplassar i tillegg til førarsetet er det krav om minst éin handsløkkjar med minimum 2 kg pulver.

I buss med over 22 sitjeplassar i tillegg til førarsetet skal det vere minst éin handsløkkjar med minimum 6 kg pulver.

Nødutgangar

Nødutgangar skal vere tydeleg merkte og ha ei bruksrettleiing. Hindringar som seterygger og skap må ikkje gjere det vanskeleg å bruke naudutgangane.

Bussar er utstyrte med éin eller fleire av desse nødutgangane:

  • nødutgangsvindauge

  • vindauge med nødhammar

  • vindauge med rivelist

  • rømmingsluke

Rullestolplassering og rullestolheis

Rullestolen blir plassert med ryggen mot ryggen på ei seterekkje. Det skal vere ein låg knapp for stoppvarsel og ei nedfellbar sperre som gjer at rullestolen ikkje kan velte.

Demonstrasjon av rullestolheis. Video: Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0

Knappar for stoppsignal

Bussene har installert stoppknapper ved alle seteplassene slik at passasjerene kan gi signal til sjåføren om at de vil gå av bussen på neste stoppested. Stoppknappar er også plasserte lett tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Betalingsautomat

I dag betaler mange passasjerar bussreisa si med ein app på telefon. Men framleis er det mange, kanskje særleg eldre folk, som bruker kontantar eller betalingskort ved kjøp av billett. Derfor har alle bussar som køyrer i rutetrafikk, installert maskinar som kan ta imot både kort og kontantar.

Her kan du lese forskrift om universell utforming av løyvepliktig motorvogn på nettsidene til Lovdata.

Relatert innhald

Fagstoff
På rundtur i bussen

Her lærer du kva ein bussjåfør må vite om bussen, og kva utstyr som skal vere tilgjengeleg i ein buss.

Fagstoff
Dagleg kontroll av buss

Gjennomgang av utstyr i ein buss, og demonstrasjon av dagleg kontroll og bruk av alkolås.



CC BY-SA 4.0Skrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022