Hopp til innhald
Fagartikkel

Tverrfaglege opplegg om sosialisering og identitet

Sosialisering og identitet er tema som er spesielt relevante i det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Her finn du ulike tverrfaglege opplegg knytte til dette emnet.

Ny på vidaregåande

På vidaregåande møter du eit nytt sosialt miljø og nye faglege utfordringar. Korleis kan du meistre dei sosiale og faglege utfordringane på best mogleg måte?

Når du startar på vidaregåande, møter du på mange nye utfordringar. Det er spesielt to ting mange ungdomar er spente på:

  1. Det første er det sosiale miljøet. Kjem eg til å få nokre nye venner? Korleis er miljøet i klassen?

  2. Det andre er dei faglege utfordringane. Kjem eg til å takle auka krav og ei arbeidsform som kanskje er annleis?

Ein god start på vidaregåande er avhengig av at du jobbar med begge desse utfordringane. Vi har derfor delt ressursane i denne casen i to delar: éin for sosiale og éin for faglege utfordringar.

Ny på vidaregåande

Puslespelet meg – identiteten min?

Kven er du? Kva har gjort deg til den du er i dag, og kven vil du bli i framtida? Det er mange ulike faktorar som formar identiteten vår – og kva som er viktigast, varierer frå person til person.

Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men nokre av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, naturfag, norsk, helse og oppvekst, barne- og ungdomsarbeidarfag og mediefag.

Puslespelet meg – identiteten min?

Identitet i mediesamfunnet

Vi er omgitt av medium. På sosiale medium utrykker vi oss sjølve, og media er med på å skape eit bilete av kven vi er og kven vi vil vere. Utforsk korleis vi blir påverka av media, og korleis vi bruker dei til å forme identiteten vår.

I dette emnet skal du utforske korleis sosiale medium påverkar identiteten din. Emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men nokre av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, mediefag, norsk, kultur og kommunikasjon og sosiologi og sosialantropologi.

Identitet i mediesamfunnet