Oppgåve
Samfunnskunnskap Alle utlendinger har lukka gardiner
Er det annleis å vekse opp på Romsås enn i andre delar av landet? Kva kjenneteiknar normer, kjønnsroller og kulturen på Romsås – og kvifor har desse områda av Oslo blitt eit politisk stridsspørsmål?
- Kva normer finn du blant ungdommane på Romsås? Har dei nokon normer som ikkje er vanlege andre stader i Noreg?
- Korleis vil du beskrive kjønnsrollene blant ungdommane på Romsås? Kan gutane og jentene seie og gjere det same, eller møter dei ulike forventningar?
- Kva for positive og negative sanksjonar møter ungdommane som ikkje tilpassar seg normene og kjønnsrollene på Romsås? Gi konkrete døme.
- På kva måtar påverkar internett forholdet ungdommane har til sex i filmen?
- Diskuter kulturen på Romsås. Kva er dei viktigaste kjenneteikna på den ungdomskulturen som blir beskriven i filmen?
Romsås er ein del av Groruddalen på austkanten av Oslo. Somme av desse områda har ein stor del innvandrarar og har blitt eit politisk stridsspørsmål.
- Utforsk ulike skildringar av Groruddalen på nett. Søk til dømes på "Groruddalen" og vel "nyheiter" i søkjemotoren. Finn døme på korleis media og politikarar frå ulike parti beskriv område i Groruddalen som Romsås og Furuset.
- Kvifor trur du Groruddalen har blitt eit politisk stridsspørsmål? Kva trur du partia er ueinige om?
- Undersøk kva som ligg i omgrepa "ghetto" og "ghettofisering".
- Finn ut kva Frp-politikar Sylvi Listhaug meiner når ho snakkar om ghettofiseringa av Oslo.
- Ifølgje sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen er områda i Groruddalen med mange innvandrarar blant dei minst ghettofiserte områda i heile Noreg, fordi dei er prega av eit mangfald av ulike kulturar. Diskuter denne påstanden.
- Korleis trur du dei som bur i Groruddalen reagerer på at staden dei bur på har blitt eit politisk debatt-tema? Finn gjerne konkrete døme på nett.
Herbjørnsrud, D. (2019, 28. oktober). Furuset er fremtiden. Agenda magasin. Henta frå https://agendamagasin.no/artikler/ga-inn-i-din-tid/