Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologi og identitet: Er du ein kyborg?

Ofte tenker vi på oss sjølve som éin ting og teknologi som noko heilt anna. Men er det verkeleg mogleg å skilje deg sjølv og den du er frå teknologien som omgir deg? Er du eigentleg ei blanding av teknologi og menneske – ein kyborg? Utforsk korleis teknologien er med på å forme identiteten din.
Mann med skjegg og berr overkropp held ein pinne med brennande gras oppå. Han ser på elden og jublar. Foto.

Oppgåve 1. Kva er teknologi?

Teknologi kan vere mykje ulikt. På den eine sida kan teknologi vere teknologiske innretningar og reiskapar, som til dømes mobiltelefonar, datamaskinar, klesplagg, knivar eller sager. På den andre sida kan teknologi vere kunnskap om teknikkar for korleis vi lagar noko, til dømes om korleis vi tenner bål, bygger hus, fangar vilt, dyrkar korn, lagar jernreiskapar eller bygger maskiner.

I desse oppgåvene skal de reflektere saman over bruken av teknologi. Jobb gjerne saman i par eller grupper.

Tenk deg at du har stranda på ei aude stillehavsøy heilt åleine.

  1. Kva tre teknologiske gjenstandar ville de ha teke med dykk for å overleve på øya? (unntatt satellitt-telefonar og andre måtar å kommunisere på).

  2. Kva kunnskap har de her og no som kan hjelpe dykk med å overleve? Gi minst tre konkrete døme på ulike teknikkar de kan bruke for å overleve på øya.

  3. Viss de kunne velje å skaffe dykk kunnskap før de stranda på øya – kva slags kunnskap ville vore mest nyttig for å overleve og skaffe hjelp?

  4. Diskuter kva som ville vore mest nyttig for å overleve på ei aude øy. Er det teknologiske gjenstandar eller teknologisk kunnskap? Grunngi svaret.

  5. Kva måtte til for at de skulle kjenne dykk trygge og heime på øya? Skriv ei kort liste. Etterpå diskuterer de kor mykje av det som står på lista som ville vere avhengig av teknologiske gjenstandar og teknologisk kunnskap.

  6. Tenk dykk å måtte klare dykk sjølve på øya i eit år. Korleis trur de eit slikt opphald kunne påverke identiteten dykkar?

Eit ansikt er dekt av ein digital kode. Illustrasjon.

Oppgåve 2. Teknologi og identitet

  1. Skriv ei liste med minst fem ting du har gjort i dag. Korleis har teknologien og teknologisk kunnskap vore med på å forme alle desse ulike gjeremåla?

  2. Diskuter kor stor del av den du er – identiteten din – som er knytt til teknologi.

Oppgåve 3. Er du ein kyborg?

Ein kyborg er ei blanding av menneske og maskin. Sjå dei første 45 sekunda av filmen over og diskuter:

  1. I filmen seier Henrik Haug Sætra at somme vil meine at menneske i dag allereie er kyborgar. Kvifor meiner dei det?

  2. Er det eigentleg nokon forskjell på eit menneske som bruker ei datamaskin til å finne informasjon og eit menneske som er kopla direkte til datamaskina? Grunngi svaret.

  3. Diskuter i kva grad de er kyborgar. Kor mykje av den de er, er knytt til teknologien rundt dykk?

  4. Diskuter om det går an å skilje den de er – den personlege identiteten dykkar – frå teknologien rundt dykk.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2024

Læringsressursar

Sosialisering og identitet