Hopp til innhald
Fagartikkel

Lær deg å sjå

Observasjon handlar om å sjå. Her får du ei enkel innføring i korleis du kan trene deg på å sjå, og korleis du systematiserer og analyserer informasjon som du samlar inn gjennom systematisk observasjon.

Å observere det kjende

Til dagleg blir vi bombarderte med synsinntrykk, og hjernen vår har derfor lært seg å sile ut ein del av denne informasjonen. Det gjer oss «kvardagsblinde» – vi ser først og fremst det som skil seg ut frå det vi forventar, det som er framandarta. Derfor må vi øve på å observere daglegdagse hendingar og situasjonar vi sjølv regelmessig opptrer i.

Tenk deg at eit romskip frå ein fjern galakse landar på skuleplassen, og at ei gruppe romvesen entrar skulebygget.

  • Kva ville dei ha observert når dei opna døra til klasserommet ditt?
  • Korleis trur du dei ville ha tolka det dei såg?

Diskuter dette med ein medelev og noter det de kjem fram til.

Eit slikt utanfrå-perspektiv kan det vere nyttig å ta med seg når du skal jobbe med systematisk observasjon i omgivnader du er kjend med frå før.

Formuler ei problemstilling som du vil ha svar på

Når du utforskar ved hjelp av observasjon, må du ha ei klar meining om kva det er du vil søkje informasjon om. Derfor må du starte med å lage ei konkret, presis og spissa problemstilling. Det er ei god øving å formulere det du ønskjer å finne svar på i éin, kort setning:

  • Er det fleire menn enn kvinner som går på raudt lys?
  • Kva skjer dersom ein blandar eddik og bakepulver?
  • Tek Petter, 3 år, kontakt med dei andre barna i barnehagen når dei leikar ute?

Registrer og systematiser det du ser

Du kan registrere det du observerer ved hjelp av notat eller videoopptak. Neste skritt er å systematisere den informasjonen du har samla inn.

Sett at du ønskjer å finne ut om det er fleire menn enn kvinner som går på raudt lys. Du oppsøkjer ein trafikkert og lysregulert fotgjengarovergang og noterer ned kor mange menn og kvinner som kryssar gata i løpet av ein time, og kor mange av desse som går på raudt lys. Etterpå kan du systematisere dataa i ein slik tabell:

Observasjon

går på grønt

går på raudt

prosentvis på raudt

Menn

80

20

20 %

Kvinner

93

7

7 %

På bakgrunn av denne oversikta kan du seie noko om kor mange menn og kvinner som gjekk på raudt lys akkurat denne dagen. Men hugs at du må gjere mange fleire observasjonar for å kunne påstå at menn og kvinner på heimstaden din generelt oppfører seg ulikt i trafikken.

Analysar og tolk for å forstå det du ser

Når du har registrert og systematisert det du har observert, blir neste spørsmål: Kva betyr det du har observert? Å analysere betyr å gå gjennom den innsamla informasjonen og diskutere kva svar datamaterialet kan gi.

Tolking handlar om å prøve å forstå kva betyding det du har sett har for dei spørsmåla du ønskte svar på, og sjå dette i samanheng med den kunnskapen som finst frå før om dei fenomena du har utforska. Når du tolkar det du har sett og registrert, må du derfor støtte deg til teoretiske perspektiv som kan gi observasjonane dine meining. Du kan til dømes prøve å finne ut av

  • kvifor folk opptrer som dei gjer i trafikken
  • kvifor nokre barn er meir kontaktsøkjande enn andre
  • kvifor ein bestemt kjemisk reaksjon oppstår