Hopp til innhald

Fagstoff

Spørjeundersøkingar

Spørjeunderøking er den mest brukte metoden for å samle inn data om individ i samfunnsvitskapane, og vi møter dagleg eksempel på slike undersøkingar i massemedia. Andre namn på spørjeundersøking er intervju-undersøking, survey eller meiningsmåling.
Publikasjon av samfunnsspeilet frå SSB. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Representativt utval

Spørjeundersøkingar blir brukte for å få innblikk haldningane, oppfatningane og handlingane til befolkninga. Det beste ville sjølvsagt vore å spørje heile befolkninga, men det er så ressurskrevjande at det ikke blir gjort. I staden trekkjer ein eit tilfeldig utval menneske som skal representere innbyggjarane, og så spør ein dei. Det kallar vi eit representativt utval.

Når ein skal trekkje eit utval frå ein populasjon, må alle innanfor det området som ein skal undersøkje, ha like stort sannsyn for å bli trekte i utvalet. Dette er eit punkt som det svært ofte blir synda mot, særleg når det gjeld såkalla «innringjarprogram» i tv eller radio. Ofte opplever vi at publikum blir oppfordra til å ringje inn og gi uttrykk for meininga si i ei sak, og så blir denne presentert som «oppfatninga til det norske folk». Men uansett kor mange som ringjer inn, så vil det ikkje vere korrekt. For det første er det berre dei som ser eller høyrer på programmet, som kan ringje inn. I tillegg er det stort sannsyn for at dei som ringjer inn, har eit stort engasjement i saka, mens dei som ikkje er så engasjerte, lèt vere å ringje inn. Slike utval er altså ikkje representative.

Anonymitet og utforming av spørsmål

Det er ein føresetnad at alle som svarer på spørsmål, ikkje skal kunne identifiserast. Når ein skal forske på noko, er det uetisk å lage spørsmål eller rutinar for handsaming av spørreskjemaa der nokon kan identifiserast.

For å sikre anonymitet er det ikkje nok at namn eller andre identifikasjonsmoglegheiter ikkje blir skrivne på svaret. Ein skal heller ikkje samle inn opplysningar som kan føre til at svararen (respondenten) kan identifiserast. Derfor skal ein vere varsam med å spørje detaljert om sosial status og geografisk plassering. Dersom nokon har svart «prest» på yrke, og det er mogleg å finne ut kor vedkommande bur, så er det brot på kravet om anonymitet.

Det er òg strenge reglar for kva ein kan spørje om i ei spørjeundersøking. Ein kan for eksempel spørje om ein er medlem av eit kyrkjesamfunn, men ikkje om kor ofte ein ber. Ein kan òg spørje om ein er for eller imot narkotika, men ikkje om ein bruker narkotika. Dersom ein skal stille slike spørsmål, må ein hente inn spesielt løyve både frå Datatilsynet og frå respondentane.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2017

Læringsressursar

Samfunnsfaglege metodar