Hopp til innhald
Fagartikkel

Utval – kven undersøkjer du?

Same kva slags undersøking du vil gjennomføre, treng du å ta eit val om kven og kor mange du skal spørje. Du må altså bestemme deg for eit utval.

Vi har alt nemnt at dersom du vil generalisere, treng du eit svært stort og tilfeldig utval, minst 1000 personar. Dersom du og klassekameratane dine skal lage ei undersøking, er det urealistisk å spørje så mange. Men det er framleis viktig kva slags utval de bruker, for utvalet kjem til å påverke dei resultata de får.

Tenk først på kven de vil spørje. Dersom de lagar ei undersøking om utdanningsplanar, er det kanskje lurt å berre spørje i tredje klasse? Dersom de er interesserte i planar for høgre utdanning, er det kanskje mest relevant å spørje dei som går på studiespesialiserande? Slik avgrensar de kven som er aktuelle for den problemstillinga de vil undersøkje.

Tenk så på kor mange respondentar de treng. Ved spørjeundersøkingar er hovudregelen at di fleire, di betre. Intervju tek lengre tid enn spørjeundersøkingar. Då bør de ha færre respondentar, men samtidig er det ekstra viktig at de vel dei slik at de får breidde og djupne i svara. Til dømes kan det vere viktig å få med både gutar og jenter, eller elevar som har ulike interesser.

Å gjennomføre ei undersøking

Når de har bestemt dykk for tema, spørsmål, metode og utval, kan de setje i gang med undersøkinga. Det er likevel eit par ting det er greitt å hugse på undervegs.

Rett utstyr

Kva treng de for å gjennomføre undersøkinga? Det er avhengig av kva slags metode de har valt, men alle metodar krev god planlegging. Skal de gjennomføre ei spørjeundersøking, treng de til dømes nok spørjeskjema, pennar og ein stad å dele ut og samle inn spørjeskjemaa. De kan òg ha bruk for eit statistikkprogram til å gjennomarbeide eller ordne datamaterialet. Skal de gjere intervju, treng de eit stilt rom og opptaksutstyr. Og de må ha presise avtalar med dei som skal intervjuast, slik at de rekk å snakke med alle. Dersom de skal observere, er det viktig å ha informert alle som blir observerte, om kva undersøkinga går ut på, og kva rolle de har når de er saman med dei.

Rektor si rolle

Dersom de skal undersøkje noko som gjer at de treng respondentar utanfor skulen, må de ha løyve frå rektor til å oppsøkje dei. Nokre få gonger har slike elevundersøkingar gått gale, som den gongen ein andreklasse på ein vidaregåande skule laga ei undersøking der elevane skulle svare på spørsmål om seksualvanane til foreldra. Slik får ein lett spalteplass i riksdekkjande aviser.

«Tullar du?»

Vi opplever ofte å bli spurde om å vere med i undersøkingar, og går fort lei. Vi kan til og med bevisst svare usant fordi vi ikkje gidd. I ein vanleg klasse på ein vidaregåande skule er det alltid mellom 10 og 20 prosent som tullar når dei svarer, altså bevisst svarer noko dei eigentleg ikkje meiner. Derfor er det viktig å motivere dei som skal vere med i undersøkinga, på førehand. Like viktig er det at de syter for at dei som har vore med i undersøkinga, også får vite resultata etter at de er ferdige.

Kva de ikkje bør lure på

Nokre tema og spørsmål er meir ømtolige enn andre. Folk har rett til å ha privatlivet sitt i fred. Staten har oppretta eit eige organ, Datatilsynet, til å passe på at private opplysningar ikkje kjem på avvegar. Når de gjer undersøkingar, skal de be folk om berre å svare på vegner av seg sjølve. Be aldri nokon om å svare på kva dei trur andre gjer eller tenkjer. Ver òg svært forsiktige med spørsmål som handlar om helsa, den seksuelle legninga eller trua til respondentane. Forsking har vist at dette heller ikkje alltid er så nyttig – på desse felta er det mange som ikkje snakkar heilt sant når dei blir spurde. Spør læraren dersom de er i tvil om spørsmålet er innanfor god skikk og bruk. Hugs alltid å seie frå om at det å svare på ei undersøking er ei frivillig sak.

CC BY-SA 4.0Skrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017