Oppgåve
Diskusjonsoppgåve: Spørjeundersøkingar
Denne oppgåva er knytt til fagstoff om spørjeundersøkingar. Her skal de blant anna diskutere krav til anonymitet og kor vidt spørjeundersøkingar er representative.
- Diskuter i klassen: Dersom de skal gjennomføre ei spørjeundersøking på skulen, korleis må de gjennomføre ei slik undersøking for å sikre anonymiteten til elevane?
- Kva typar spørsmål kan ein ikkje bruke i ei elevundersøking på skulen?
- Finn eksempel på bruk av spørjeundersøkingar i media. Diskuter i kva grad desse undersøkingane oppfyller kravet om representativitet.
- Ta utgangspunkt i ei spørjeundersøking – for eksempel eit «Partibarometer» i massemedia. Finn ut korleis undersøkinga er gjennomført, og om utvalet er representativt.
Relatert innhald
Fagstoff
SpørjeundersøkingarSpørjeunderøking er den mest brukte metoden i samfunnsvitskapane, og vi møter dagleg eksempel på slike undersøkingar i massemedia.