Hopp til innhald

Fagstoff

Nerveceller og hjelpeceller

Nervesystemet er eit nettverk som kommuniserer lynraskt med omgivnadene og alle delar av kroppen. Dei elektriske signala langs nervane blir danna av ion som strøymer inn og ut. Nervecellene kan bli opptil ein meter lange, og mange har hjelpeceller som sørgjer for isolasjon og næring.

Nervesystemet

Illustrasjon av kropp med synleg nervesystem

Nervesystemet består av to hovuddelar:

  • sentralnervesystemet, som består av hjerne og ryggmerg

  • det perifere nervesystemet, som består av utløparar frå hjerne og ryggmerg, og dannar eit nettverk av nervar i heile kroppen

Nervesystemet styrer åtferda til kroppen ved å kontrollere musklar og kjertlar og ved å ta imot og leie impulsar frå sanseorgana.

Ein nerve er forenkla sagt buntar av nerveceller med hjelpeceller som blir kalla gliaceller. Det finst faktisk ti gonger så mange hjelpeceller som nerveceller.

Nerveceller

Ei nervecelle har ein cellekropp med cellekjerne og organellar, slik du kjenner frå andre kroppsceller. Cellekroppen er liten, oftast mindre enn 0,1 mm i diameter. Nervecellene skil seg frå andre kroppsceller ved at dei kommuniserer med kvarandre og med andre celler i kroppen gjennom lange utløparar med synapsar.

Ein synapse er kontaktpunktet mellom to nerveceller eller mellom ei nervecelle og ei muskelcelle eller kjertelcelle.

Illustrasjon av nervecelle med kjerne, lange og korte utløparar. Aksonet har myelinskjede.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lange utløparar

Nervecellene kan ha svært ulik form, men frå cellekroppen går det opptil 20 korte, meir eller mindre forgreina utløparar som blir kalla dendrittar. Dendrittane knyter nervecellene til kvarandre og er hovudsakleg mottakarapparat for innkomande signal frå andre nerveceller.

Nervecella har ein lang utløpar som blir kalla eit akson. Aksona og forgreiningane deira formidlar signala til nervecella vidare til neste celle i nettverket.

Illustrasjon av cellekropp med korte utløparar som blir kalla dendrittar, og eit langt akson omgitt av myelinskjede danna av gliaceller
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aksonet knyter nervecellene til andre nerveceller eller til kroppsceller, til dømes muskelceller. Kvart akson kan ha fleire tusen synapsar og inngår i eit nettverk som held kontakt med mange andre celler. Eit akson kan vere over ein meter langt, og strekkje seg frå tåspissen til ryggmergen, men er ofte mykje kortare. Når mange akson går saman, blir dei kalla for ein nerve.

Oppgåvene til nervecella

  • få informasjon frå miljøet, frå kroppen og frå andre nerveceller

  • leie nerveimpulsen frå den eine til den andre enden av nervecella

  • tolke informasjonen

  • sende impulsar til nye nerveceller, kjertlar og musklar

Gliaceller

Mikroskopfoto der mange nervefibrar (akson) i ein nerve er skorne over. Vi ser alle aksona som ein mørkare kjerne omgitt av eit lag med myelin.

Gliacellene er små samanlikna med nervecellene. Dei omgir aksonet, utfører mange hjelpefunksjonar og sørgjer mellom anna for at nervecellene får nok næring. Gliacellene kan òg gi kjemiske signal som aukar leidningsfarten i nerven, men dei kan ikkje danne eller sende nerveimpulsar.

I nervesystemet er det ti gonger fleire gliaceller enn nerveceller, men ikkje alle nerveceller er omgitt av gliaceller.

Myelin isolerer nervecellene

Illustrasjon der gliacella omgir nervetråden fleire gonger og ligg i fleire lag

Gliacellene inneheld myelin, som hovudsakleg består av feittstoff. Det er dei som gir farge til den kvite substansen i sentralnervesystemet.

Gliacellene med myelin isolerer og beskyttar nervefibrane. Dei ligg lag på lag og dannar eit hylster rundt aksonet. Til saman dannar alle gliacellene ein myelinskjede rundt nervetråden. Den vesle avstanden mellom kvar gliacelle der nervetråden ikkje er isolert, blir kalla ranviersk innsnevring.

At aksonet er isolert med gliaceller av myelin, aukar farten på nervesignala betydeleg. Det kjem mellom anna av at nerveimpulsane kan hoppe mellom ranvierske innsnevringar der aksonet ikkje er isolert.

Illustrasjon av ei frisk og ei skadd nervecelle

I ei myelinisert nervecelle kan impulsen gå med ein fart på 100 m/s.

Ved sjukdommen multippel sklerose blir myelinet og/eller prosessen som dannar myelin, skadd. Det gjer at signaloverføringa blir forstyrra.

Relatert innhald

Kjelde

Jansen, J. K. S., Glover, J. og Holck, P. (2022, 30. januar). Nervesystemet. I Store medisinske leksikon. Henta 7. februar 2022 frå https://sml.snl.no/nervesystemet

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Nervesystemet