Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva gjer nervesystemet?

Har du tenkt på kor fort kroppen din reagerer om det kjem ein gjenstand mot deg? Nervesystemet er alltid i beredskap og skal hjelpe oss til å forstå lydar, lys, lukt og andre inntrykk.
Nervecelle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Teikn ei nervecelle og sett på namn.
  2. Korleis kommuniserer nervecellene? Lag gjerne ei teikning.
  3. Beskriv det sentrale nervesystemet.
  4. Beskriv det perifere nervesystemet.
  5. Kva kjenneteiknar det autonome nervesystemet?
  6. Kva er ein nevrolog?
  7. Forklar korleis ulike rusmiddel kan ha dempande, stimulerande og hallusinogene verknader på nervesystemet.
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Nervesystemet