Hopp til innhald

Fagstoff

Det perifere nervesystemet

Det perifere nervesystemet er kopla til sentralnervesystemet i ryggmergen og når ut til alle delar av kroppen. Impulsar frå sansar og musklar gir informasjon til sentralnervesystemet. Signala blir tolka og impulsar blir sende den andre vegen, slik at vi kan reagere hensiktsmessig på stimuli.
Omriss av kvinnekropp der ein tydeleg ser nervesystemet markert med gult. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er det perifere nervesystemet?

Det perifere nervesystemet er sett saman av nervar som går ut frå hjernestammen () og nervar som går ut frå ryggmergen ().

Nervane forgreinar seg til stadig mindre nervar slik at dei når ut til alle delar av kroppen. I denne delen av nervesystemet blir signal frå hjernen formidla til dei ulike kroppscellene.

Signal frå kroppscellene blir sende tilbake til hjernen, som svært hurtig tolkar desse og sender ut nervesignal som i sin tur set i gang nødvendige reaksjonar i kroppen. Det perifere nervesystemet blir kopla saman med sentralnervesystemet i ryggmergen.

Fotballmålvakt som kaster seg etter ballen. Foto.

Det utoverleiande nervesystemet

Denne delen av det perifere nervesystemet er delt i ein viljestyrt () og ein ikkje-viljestyrt () del.

Det viljestyrte systemet brukar og sender signal frå ryggmergen til skjelettmusklane. Vi kan sjølve bestemme når signal skal sendast.

To personer hoppar frå taket på ein skyskrapar. Foto.

Det ikkje-viljestyrte systemet brukar og sender signal til hjarte, blodårer og forskjellige kjertlar i kroppen. Det autonome nervesystemet er uavhengig av bevisstheita vår.

Det ikkje-viljestyrte systemet kan vi vidare dele inn i det nervesystemet, som er aktivt når du kviler og føler deg avslappa, og det nervesystemet, som blir aktivert ved stress og i kampsituasjonar.

Det innoverleiande nervesystemet

I det innoverleiande nervesystemet blir informasjon frå kroppens sanseceller sendt gjennom , via ryggmergen og til hjernen, som tolkar signala.

Refleks

Ein refleks er ein ufrivillig reaksjon som blir spreidd gjennom motoriske og sensoriske nervar. Nervesignala i ein refleks går ikkje til hjernen, men «snur» i ryggmergen. Dette gjer at reaksjonstida blir svært kort, og at vi derfor reagerer lynraskt med refleksar. Refleksreaksjonar beskyttar oss. Tilbaketrekkingsrefleksen, som trer i kraft viss du til dømes tek på noko varmt, gjer at du unngår å brenne deg. Når ein baby drikk mjølk frå mora sitt bryst eller syg på tommelen, er dette styrt av sugerefleksen til barnet.

Ein baby som diar mor si. Foto.

Ein refleks startar med at ei sansecelle blir stimulert og sender nerveimpulsar gjennom dei sensoriske nervecellene. I ryggmergen er dei sensoriske nervecellene kopla til motoriske nerveceller i synapsar. Dei sender nerveimpulsane direkte vidare til muskelen utan at signala går vegen om hjernen.

Både dyr og menneske har mange medfødde refleksar som griperefleks, dykkerefleks og sugerefleks.

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Nervesystemet