Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er dulting?

Du er kanskje ikkje klar over det, men du har blitt dulta fleire gonger. Kva er eigentleg dulting? Korleis verkar det, og kan vi bruke dulting for å skape ei positiv endring på skulen?
Eit skilt med illustrasjon av to føter og teksten "snarvei", framfor ein grussti. I bakgrunnen er det ein mann som går på grusstien. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dulting gjer gode val enklare

Dult kjem av det engelske ordet "nudge", og det handlar om at nokre prøver å påverke oss til å endre åtferd utan å forby noko eller bruke økonomiske insentiv. Dei prøver å dytte oss vennleg, eller dulte oss, i ei bestemd retning.

Under koronapandemien ønskte til dømes daglegvarebutikkane at vi skulle bruke handsprit før vi gjekk inn i butikkane, og at vi skulle halde avstand når vi var der inne. Vi blei ikkje påbodne å sprite hendene, og vi fekk heller ikkje pengar eller billigare mat for å gjere det. I staden prøvde butikkane å dulte oss til å gjere det ved å setje ein spritdispenser ved inngangen, kanskje lage eit skilt der det stod "Takk for at du spritar hendene" og ved å klistre lappar på golvet med ei oppmoding om å halde avstand.

Dette er døme på dulting. Vi hadde framleis valfridom, men butikkane prøvde å gjere nokre val lettare for oss ved å endre valarkitekturen. Valarkitekturen er korleis omgivnadene er utforma i den situasjonen vi skal ta eit val i.

Eit merke på golvet der det står "takk for at du holder 1 m avstand". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjonen på ein dult:

Ein dult er når ein formar ut eller endrar valarkitekturen slik at det blir enklare for oss å ta objektivt sett betre val, utan økonomiske insentiv og utan å ta bort valmoglegheiter.

Dulting skal hjelpe oss

Dulting kan brukast i mange samanhengar, og det liknar jo mykje på det reklamebransjen jobbar med. Men når vi snakkar om dulting, er ein viktig del av omgrepet at det skal føre til ei åtferd som objektivt sett er betre. Dulting skal altså brukast for å hjelpe folk å gjere betre val, ikkje for å overtale folk til å kjøpe eit produkt eller gjere noko dei ikkje sjølv ønsker. Val som er betre objektivt sett, er val som vi er einige om at er gode val. Det kan vere fordi det skaper betre helse, eller fordi det er meir berekraftig for planeten vår. Det er til dømes objektivt sett betre at færre røykar fordi røyking er helseskadeleg.

Umedvitne tankar

I løpet av ein vanleg dag tek du ekstremt mange val baserte på umedvitne tankar. Berre det å stå opp, kle på seg, få i seg litt mat og komme seg trygt til skulen krev at du tek veldig mange ulike val. Nokre av desse vala er medvitne, men dei fleste gjennomfører du ved hjelp av umedvitne tankar. Dette er veldig nyttig, for umedvitne tankar krev lite energi av oss. Viss du skal over vegen, og det er raudt lys, stoppar du utan å tenke nøye over dette. Desse umedvitne tankane gjer oss effektive, og dei gjer at vi klarer å ta mange gode val i løpet av ein dag.

Tankeskeivskapar

Vi tenker gjerne at vi stort sett tek ganske gode val, og at vi ikkje blir påverka i særleg grad av korleis ting blir framstilt. Men det viser seg at vi blir påverka av såkalla tankeskeivskapar. Tankeskeivskapar er systematiske feiloppfatningar hos oss. Fordi vi tek så mange val, prøver vi heile tida å finne mønster og gjere forenklingar av all informasjonen, slik at vi kan ta vala ved hjelp av umedvitne tankar. Då blir det heile meir effektivt. Dette gjer at vi klarer å ta alle desse vala, men det gjer også at vi i nokre samanhengar systematisk tolkar situasjonar litt skeivt.

Vi blir til dømes påverka av korleis noko blir presentert for oss. Eit døme på dette er at yoghurt som blir presentert som 80 prosent feittfri, sel betre enn ein yoghurt som blir presentert som yoghurt med 20 prosent feitt, sjølv om det er akkurat den same yoghurten. Dette kjem av ein slik tankeskeivskap.

Ein annan tankeskeivskap er at det er enklare for oss å berre halde fram som før, framfor å gjere ei endring. Viss du har gløymt ei lærebok, kan du ta bilete av boka til ein klassekamerat og lese på mobilen. Viss læraren eller ein annan medelev tilbyr deg å låne ei bok, kan det hende du takkar nei. Det er nemleg enklare å berre halde fram som før, sjølv om det openbert vil vere meir effektivt å få låne ei bok frå nokre andre, i staden for å lese på mobilen.

La oss seie at du har hatt mobiltelefonen din i tre år, men no har han gått sund, og du skal kjøpe deg ein ny. Du søker på nettet og finn ein god telefon til 6000,–. Du leitar litt vidare og finn ein som også ser god ut, men han kostar berre 2500,–. Då er det lett å tenke at den siste kanskje var litt vel billig. Dette handlar om at vi gjerne vektlegg utgangspunktet, eller det første vi ser, litt mykje. Hadde du funne dei to telefonane i motsett rekkefølge, ville du sannsynlegvis heller ha tenkt at den dyre var vel dyr. Dette er også eit døme på ein tankeskeivskap.

Vi gjer veldig mange val baserte på umedvitne tankar, og desse blir påverka av ulike tankeskeivskapar. Derfor har omgivnadene rundt oss stor betydning når vi skal ta desse vala. Dette gjer at valarkitekturen er avgjerande for kva val vi endar opp med å ta.

Ei ung kvinne ser på mobiltelefonen sin i senga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Valarkitektur

Når vi tek vala våre, er det nokre rammer som påverkar oss. Viss du har fem par sko og eigentleg ikkje er så veldig oppteken av sko, er det gjerne litt tilfeldig kva par du tek på deg når du skal ut. Då vil det sannsynlegvis ha mykje å seie kva for eit av skopara som står nærast døra når du skal velje. Dette kan vi kalle valarkitektur. Dei som plasserer varer i ein butikk eller innreier eit hus, kan påverke valarkitekturen, altså rammene for vala våre. Og du kan påverke valarkitekturen på rommet ditt. Alt det som har innverknad på kva val vi tek, kallar vi altså valarkitektur.

Viss du skal lese til ei prøve på rommet ditt, kan det vere lurt å prøve å dulte deg sjølv litt. Ved å skru av lyden på telefonen, eller kanskje til og med legge han vekk, gjer du det lettare for deg sjølv å konsentrere deg om skulearbeidet. På den måten kan du dulte deg sjølv til å jobbe meir effektivt. Då endrar du valarkitekturen slik at det blir enklare å heile tida velje å jobbe vidare med skulearbeidet. Du kan framleis gå og sjå på telefonen din, men du gjer det enklare å jobbe konsentrert.

Tenk over:

Har valarkitekturen påverka nokon av dei vala du har teke så langt i dag? Var det nokon val du ville ha gjort annleis om valarkitekturen var annleis?

Ulike typar dultar

Som nemnt tidlegare, kan dultar endre valarkitekturen i omgivnadene våre. Og dultane kan vi dele inn i ulike kategoriar. Her kjem ei inndeling i fire kategoriar henta frå Hohle og Nilsen (2020). I presentasjonen nedst finn du fleire døme på dultar i desse fire kategoriane.

Fysisk miljø og tilbakemelding

Denne typen dult handlar om å gjere noko med omgivnadene slik at den ønskte handlinga blir enklare, gjerne i kombinasjon med å gi ei tilbakemelding. Lappane på golvet om at vi måtte hugse å halde avstand under koronaen, og skilta med "takk for at du held avstand" er døme på denne typen dult.

Sosiale normer

Her speler vi på det at vi menneske bryr oss om kva andre folk gjer. Viss fleire naboar monterer solcellepanel på taket, aukar det sjansen for at vi også gjer det. Eller viss eit hotell opplyser om at andre som har budd på dette rommet, har brukt handkleet sitt fleire gonger, aukar det sjansen for at vi også bruker handkleet vårt fleire gonger.

Fjerne hinder

Nokre gonger ønsker vi gjerne å velje annleis, men det er noko som hindrar oss frå å gjere det. Viss desse hindera blir fjerna, blir det enklare for oss å ta desse vala. Det kan til dømes vere at vi let vere å sykle til jobb fordi vi ikkje har nokon plass å setje sykkelen under tak på jobben. Viss vi då får dette, aukar sjansen for at vi syklar til jobb.

Førehandsval

I ein del samanhengar har førehandsvalet betydning fordi det gjerne er enklast å berre bruke dette. Når du til dømes skal skrive ut dokument, kan du skrive ut tosidig, altså på begge sider av kvart ark, eller einsidig. Dette valet let vi ofte berre vere slik det er. Så viss førehandsinnstillinga er tosidig utskrift, vil mange fleire skrive ut tosidig, og dermed blir det brukt mindre papir.


Kjelder

Thaler, R. H. & Sunstein, C. (2019). Nudge. Hvordan ta bedre valg om helse, penger og lykke. Dreyers forlag Oslo AS.

Kahneman, D. (2013). Tenke, fort og langsomt. Pax Forlag.

Hohle, S. M. & Nilsen, M. (2020). Webinar: Nudging og kommunikasjon i klimaarbeidet. Miljødirektoratet. Henta frå: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2020/juni-2020/nudging-og-kommunikasjon-i-klimaarbeidet/

Stoknes, P. E. (2017). Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming. Tiden.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021

Læringsressursar

Aktivitetar og påverknad på miljøet