Hopp til innhald

Fagstoff

Aktivitetar i eit miljøperspektiv

På jobb som fagarbeidar skal du jobbe miljømedvite og vere eit godt førebilete. Du skal til dømes velje råvarer til matlaging, du skal velje reiseveg for enkeltpersonar eller grupper, og du skal sortere avfall riktig. Du skal òg planleggje arrangement for fleire.

Transport

Når du skal i yrkespraksis på vidaregåande, skal du reise ei anna strekning enn til skulen din. Tenk deg at du skal til ein stad som ligg fire kilometer unna heimstaden din. Du kan ta buss, gå, sykle eller spørje om føresette kan køyre deg. Kva vel du? Ut frå omsyn til miljøet bør du unngå transportmiddel som forureinar, så sant du kan gå eller sykle. Kan det òg vere andre fordelar ved å gå eller sykle til praksisstaden?

Aktivitet

Alle aktivitetar vi er med på, deltek vi som regel på anten fordi vi må, eller fordi vi ønskjer det, til dømes for å vere sosiale i ulike samanhengar, reise eller trene. Viss vi ikkje kan gå, medfører det ei eller anna form for transport. Det å gå eller sykle er som regel ei vanesak. Det kan hende vi ikkje legg inn nok tid til at vi rekk det, eller det kan hende vi har utfordringar som gjer at det ikkje er mogleg. I ulike arrangement vi deltek på, er det ofte mykje bruk av pynt av papp og plast. Vi kjøper ballongar, plakatar og annan pynt i matchande fargar, og noko blir gjerne kasta etterpå. Neste gong du skal arrangere noko: Korleis kan du ta omsyn til miljøet når du planlegg?

Det kan vere lurt å tenkje gjennom alle gjeremål i løpet av ei veke og sjå kva ein sjølv kan gjere for å endre vanene sine. Alle kan gjere litt for miljøet. Kva kan du gjere?

Tenk gjennom:

  • Korleis kan eg leve meir miljømedvite med tanke på aktivitetar og transport?
  • Korleis kan eg vere eit godt førebilete når eg er i praksis?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Aktivitetar og påverknad på miljøet