Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Miljøomsyn i arbeid med barn

Du er i praksis i barnehage og skal planleggje ein tur med mat og aktivitet. Korleis vil du tenkje på miljøomsyn når du planlegg?
Barnehage på tur, barn og vaksne står i ring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er i praksis i ein barnehage som er mykje på tur. Du skal planleggje, gjennomføre og grunngi vala du tek for ein tur i skogen for 5-åringar.

Oppgåver

  1. Planlegg turen og ha fokus på miljøomsyn.
  2. Kva for nokre medvitne val tok du med tanke på miljøet?
  3. Korleis vil du forklare barna kva som blir meint med berekraftig levesett?
  4. Lag fem enkle reglar for tur i nærmiljøet med barn. Det skal vere fokus på bruk av eingongsutstyr, transport og aktivitetar i skogen.
  5. På turen legg du merke til at ein del av barna har fleecetøy på seg. Du har høyrt at fleecetøy, som er laget av polyester (ein type plast), kan ha negative konsekvensar for miljøet. Finn gode kjelder og skriv eit kort svar om miljø og polyester i tøy.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Aktivitetar og påverknad på miljøet