Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Har du eit berekraftig kosthald?

Vi høyrer mykje om korleis vi bør ete, og at det er viktig å ha eit berekraftig kosthald, men kva inneber det eigentleg for deg og meg? Her skal vi gå nærare inn på akkurat det.

Oppgåver

  1. Les artikkelen om berekraftig mat, og bla deg gjennom presentasjonen om kostråd under.

  2. Vurder deg sjølv ut frå kostråda. Korleis et du samanlikna med desse råda?

    • Kva råd oppfyller du?
    • Kva råd oppfyller du ikkje?
  3. For å betre forstå kva eit berekraftig kosthald inneber, skal du gjere oppgåva Berekraftig kosthald – kva er viktigast?

  4. No skal du vurdere kosthaldet ditt opp mot berekraft. Ta utgangspunkt i kostråd 3, 4, 5 og 6 og vurderingane av kosthaldet ditt frå oppgåve 1. Start med å skrive ned kva du har ete dei siste to dagane, og ta utgangspunkt i dette når du ser på

    • transport: Kor langt har maten reist før han hamnar hos deg? Kjøper du mykje mat som har reist langt? Korleis blir maten transportert, og kvifor er dette av betydning? Kvifor er kortreist mat berekraftig?

    • ressursbruk ved produksjon: Kor mykje areal krev produksjonen av denne råvaren? Har bruken av arealet gått ut over andre viktige ting, som til dømes vern av biologisk mangfald? Andre ting du kan vurdere, er utslepp under produksjonen og bruk av sprøytemiddel.

    • økonomisk rettferd: Får arbeidarane som jobbar med å produsere denne maten, ei lønn dei kan leve av? Produkt som er merkte med "Fairtrade" er eit døme på dette.

    • næringsinnhald: Kva inneheld maten du et? Er det reine råvarer eller ei industrivare med mange tilsetningsstoff på innhaldslista? Kvifor er ikkje industrivarer sunne? Korleis kan du vite kva maten inneheld?

    • matsvinn: Et du opp maten du kjøper, eller hamner mykje i søpla?

  5. Gjer ei samanfatning. Er det noko du vil endre på i kosthaldet ditt? Kva vil du halde fram med å kjøpe og ete? Grunngi kvifor.

Kjelde

Nasjonalt råd for ernæring (2017, november). Bærekraftig kosthold - vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftsperspektiv. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/baerekraftig-kosthold-vurdering-av-de-norske-kostradene-i-et-baerekraftperspektiv/B%C3%A6rekraftig%20kosthold%20%E2%80%93%20vurdering%20av%20de%20norske%20kostr%C3%A5dene%20i%20et%20b%C3%A6rekraftperspektiv.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2021

Læringsressursar

Forbruk og påverknad på miljøet