Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig utvikling

Barna våre må få dei same moglegheitene til å leve dei liva dei ønsker, som det vi og tidlegare generasjonar har hatt. I ei utvikling som er berekraftig, bruker vi ikkje meir av naturen enn det som er tilveksten, og alle skal ha moglegheita til å leve gode liv.

Berekraftig utvikling: Gamle tankar – nytt omgrep

Naturressursar kan brukast opp

Avskoging har for eksempel vore eit problem som har gått att i mange av dei store sivilisasjonane i verdshistoria. I Europa førte nedhogginga av skog på 16- og 1700-talet til ei frykt for at tømmermangel skulle bli ein trussel mot eksistensen til verdsdelen. Ved Røros vart stadig større område snauhogde for å skaffe kol til koparverket, som starta midt på 1600-talet.

Forståinga for at det måtte vere ein balanse mellom kor mange tre som vart hogde, og kor mange tre som vart planta, vaks fram. Ein skjøna at ein måtte tenke annleis for at kommande generasjonar også skulle ha glede av desse ressursane. Denne måten å tenke på liknar på det vi i dag kallar "berekraftig utvikling".

Russiske jegarar skyt på ulv frå slede. Illustrasjon.

Tilsvarande eksempel finn vi for dyr. Mens ein tidlegare jakta og fiska utan tanke på gjenvekst, forsøker vi i dag å forvalte vilt- og fiskebestandar slik at dei er mest mogleg stabile og levedyktige.

Berekraftig utvikling på dagsordenen

I vår tid dukka tanken om "berekraftig utvikling" opp att i FN-rapporten Vår felles framtid i 1987. Denne rapporten blir også kalla "Brundtland-rapporten", fordi tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland leia arbeidet som førte fram til han. Her finn vi ein definisjon på berekraftig utvikling som rommar både klima og miljø, økonomi og sosiale forhold:

Bærekraftig utvikling: Vi må sikre behovene til de som lever i dag, uten at dette går utover framtidige generasjoners muligheter til å få oppfylt sine.

(Brundtland-rapporten, 1987)

Venn-diagram med tre delvis overlappande sirklar med ikon som symboliserer miljø og klima, økonomi og sosiale forhold. I ein sirkel der alle tre overlappar kvarandre, står det berekraftig utvikling. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis får vi det til?

Det er ikkje vanskeleg å vere samd i at det er fornuftig å jobbe for ei utvikling som er berekraftig. Men korleis får vi det til, og korleis kan vi vite om utviklinga går i ei meir berekraftig retning?

Samarbeid på tvers av landegrenser må til

Ein ting er sikkert: Vi må samarbeide på tvers av landegrensene for å få det til. Den første store miljøkonferansen vart arrangert av FN i Stockholm i 1972. Sidan den tida har det vore arrangert ei rekke møte, og mange avtalar har blitt inngåtte. Målet er å utvikle verda i ei meir berekraftig retning.

Kjelder

FN-sambandet. (2017, 8. januar). Avtaler. Henta frå https://www.fn.no/Om-FN/Avtaler

Rovdata (2019, 8. januar). Bestandsstatus – ulv. Henta frå https://rovdata.no/Ulv/Bestandsstatus.aspx

United Nations. (1987). The Brundtland Report 'Our Common Future'. Henta frå http://www.un-documents.net/wced-ocf.htm

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Forbruk og påverknad på miljøet