Etikk i verdikjeda
Etikk i verdikjeda dreier seg ikkje om at alle som er involverte i ei global verdikjede, skal ha norske lønningar. Det dreier seg først og fremst om grunnleggjande etiske retningslinjer, som
- å unngå tvangsarbeid
- å unngå barnearbeid
- å unngå uforsvarleg lange arbeidsdagar
- rett til å vere medlem i ei fagforeining
- trygge arbeidsplassar
- ei lønn som ein kan leve av med kostnadsnivået i landet
- ei berekraftig miljøforvalting
Mange forbrukarar er opptekne av det vi ofte kallar rettferdig handel. Myndigheitene, EU og FN er alle engasjerte i dette arbeidet. Vi har ulike sertifiserings- og merkeordningar som skal vere med på å fremje slike produkt.
Ein av dei største organisasjonane innanfor rettferdig handel er Fairtrade. Dei beskriv forretningsidéen sin slik:
"Fairtrade er en internasjonal merkeordning som gjennom handel styrker bønder og arbeidere i fattige land. Fairtrade-standardene sikrer bedre arbeidsforhold og handelsbetingelser, slik at det over tid blir mulig å investere i produksjon, lokalsamfunn og en bærekraftig framtid. Med mer rettferdige handelsbetingelser kan bønder og arbeidere selv bekjempe fattigdom."
Det finst over 1200 Fairtrade-sertifiserte kooperativ og plantasjar i 74 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Om lag 1,4 millionar bønder og arbeidarar jobbar i kooperativa og på plantasjane, og tel vi med familiane deira, er det cirka 6 millionar menneske som nyt direkte godt av Fairtrade-systemet.
Les meir om Fairtrade-systemet på fairtradenorge.no.