Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg verneutstyr

Når du jobbar på ei søyleboremaskin, må du bruke personleg verneutstyr for å redusere risikoen for skade. Her får du ei oversikt over det utstyret som er påkravd.

Personleg verneutstyr

Dette personlege verneutstyret må du bruke når du jobbar på ei søyleboremaskin:

  • heildekkande arbeidstøy

  • vernesko

  • vernebriller

  • hårnett eller lue (viss du har langt hår)

Det finst også eigne skilt som gir informasjon om påkravd verneutstyr. Klikk på biletet for å lese meir om verneutstyret og dei enkelte skilta – eller les fagteksten nedanfor.

Heildekkande arbeidstøy

Heildekkande arbeidstøy vernar huda di mot varme spon frå arbeidsemnet.

Arbeidstøyet må vere tettsitjande. Bruker du laustsitjande klesplagg, risikerer du at dei viklar seg inn i dei roterande delane på maskina.

Påbodet om å bruke heildekkande arbeidstøy er varsla med eit rundt skilt som viser ein kvit, heildekkande kjeledress på blå bakgrunn.

Vernesko

Når du bruker ei søyleboremaskin, jobbar du med tunge verktøy og arbeidsstykke. Det er derfor viktig at du bruker vernesko for å verne føtene dine i tilfelle du er uheldig og mistar noko.

Påbodet om å bruke vernesko er varsla med eit rundt skilt som viser ein blå og ein kvit vernestøvel på blå bakgrunn.

Vernebriller

Når du jobbar på ei søyleboremaskin, er det fare for at spon eller anna materiale frå arbeidsstykket blir kasta ut i lufta og treffer auga dine. Dette materialet er ofte varmt og kan brenne seg fast i auget. Derfor må du bruke vernebriller.

Ved kraftig sprut er det ofte mest formålstenleg å bruke visir.

Påbodet om å bruke vernebriller er varsla med eit rundt skilt som viser eit kvitt omriss av hovudet til ein person som har på seg vernebriller, på blå bakgrunn. Brillene vernar auga både framanfrå, ovanfrå og frå sidene.

Hårnett eller lue

Har du langt hår, må du bruke hårnett eller lue, elles risikerer du at håret set seg fast i dei roterande delane på maskina og dreg deg ned mot arbeidsstykket.

Nokre søyleboremaskiner kan vere merkte med eit blått påbodsskilt om bruk av hårnett eller lue. Merk at for søyleboremaskiner gjeld påbodet berre viss du har langt hår, medan for andre typar maskiner kan påbodet gjelde for alle, uavhengig av hårlengde.

Påbodet om bruk av hårnett eller lue er varsla med eit rundt skilt som viser eit kvitt omriss av hovudet til ein person med eit hårnett som dekker alt håret, på blå bakgrunn.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvart spørsmål kan ha fleire rette svar.

Relatert innhald

Få ei oversikt over dei viktigaste risikomomenta ved bruk av ei søyleboremaskin.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for søyleboremaskin