Risikomoment
Ved boring i metall får du avsponing i form av både små og lengre spon. Desse kan vere veldig skarpe.
Du jobbar også med roterande maskindelar, og det kan vere fare for at arbeidsemnet eller andre komponentar losnar. I tillegg kan hår eller arbeidstøy setje seg fast i dei roterande delane.
Ved boring skjer vi i metall med eit skjereverktøy. Det oppstår då friksjon, og ved friksjon blir det utvikla varme. Både arbeidsstykke, skjereverktøy og spon kan komme opp i svært høge temperaturar, og det er viktig at du ikkje tar på desse før du er sikker på at dei er kalde nok.
Vi skal ikkje bruke hanskar når vi jobbar med boring og roterande maskinelement. Berre når nødstoppbrytaren på maskina er aktivert, kan vi i enkelte tilfelle bruke hanskar likevel, til dømes for å handtere arbeidsstykket, skjereverktøyet eller spon.
Golvet og arbeidsområdet rundt søyleboremaskina må vere reint og ryddig, slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli. Det er også viktig at det ikkje er noko brennbart materiale i området, som kan ta fyr viss det blir treft av varme spon.
Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvart spørsmål kan ha fleire rette svar.
Relatert innhald
Når du bruker ei søyleboremaskin, må du bruke personleg verneutstyr. Her får du ei oversikt over påkravd verneutstyr.
Søyleboremaskina er utstyrt med ulike verneinnretningar for å unngå uhell og skadar. Her er dei viktigaste.