Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppspenning av verktøy og arbeidsemne

Søyleboremaskina har store krefter og kan rotere med høgt turtal. Det er derfor viktig at du festar både verktøy og arbeidsemne godt før du bruker maskina.

Oppspenning av verktøy og arbeidsemne

For å feste verktøyet i søyleboremaskina bruker vi anten ein kjoks eller ein morsekon. Arbeidsemnet spenner vi opp anten i ei maskinskrustikke eller direkte på arbeidsbordet.

Klikk på dei ulike komponentane på biletet for å få informasjon om kva dei er, og kva funksjon dei har – eller les fagteksten.

Kjoks

Ein kjoks blir brukt til å feste bor på opp til 13 mm som har heilt sylindrisk festetange.

Kjoksen er festa i spindelen via ein morsekon.

Når du skal feste eit bor, er det viktig at boret er sentrert i kjoksen. Du festar og losnar boret i kjoksen ved å vri dei to ruglete (serraterte) hylsene på kjoksen i motsett retning av kvarandre.

Morsekon

Ein morsekon blir brukt til å feste verktøy og bor på over 13 mm som har konisk festetange.

Morsekonen er ei konisk festeinnretning, der storleiken på den minste og den største delen av konusen har standardiserte mål.

Maskinskrustikke

Ei maskinskrustikke er det vanlegaste å bruke for å spenne opp arbeidsemnet på arbeidsbordet.

Maskinskrustikka skrur du fast i arbeidsbordet på søyleboremaskina ved hjelp av festeskruar, deretter festar du arbeidsemnet i maskinskrustikka ved hjelp av kjeftane og strammaren.

Kjeftar

Kjeftane utgjer anleggsflata mot arbeidsstykket. Det er viktig at desse kjeftane er av eit materiale som gir god friksjon og godt feste for arbeidsemnet.

Kjeftane kan ha ulik form ut frå kva type arbeidsemne du skal feste, til dømes firkanta, røyrforma eller kuleforma.

Strammar

Strammaren er det same som akslingen på maskinskrustikka. Han blir brukt til å stramme og losne kjeftane slik at dei festar og losnar arbeidsemnet.

Du strammar ved å rotere akslingen mot høgre (med klokka) og losnar ved å rotere mot venstre (mot klokka).

Festeskruar

Maskinskrustikka festar vi til arbeidsbordet ved hjelp av festeskruar. Skruane har eit spesialutforma T-spor nedst, som passar inn i rillene i arbeidsbordet.

Slike festeskruar kan også brukast saman med spesielle festebeslag for å feste arbeidsemnet direkte på arbeidsbordet utan bruk av ei maskinskrustikke.

Kontrollspørsmål

Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

Relatert innhald