Oppsummering
Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ei søyleboremaskin. Då står det att ein praktisk demonstrasjon på verkstaden før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.
Dette har du lært om søyleboremaskina
Du har fått sjå ein introduksjonsfilm om sikker bruk av ei søyleboremaskin.
Du har også fått informasjon om kva for risikomoment du kan bli utsett for, og kva for verneutstyr du må bruke for å redusere risikoen for å bli skadd.
I tillegg har du fått informasjon om korleis søyleboremaskina er bygd opp, kva for verneinnretningar som finst, og korleis du stiller inn og sjekkar maskina før bruk.
Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.
Praktisk gjennomgang på verkstaden
Du skal no gå på verkstaden og sjå på dei ulike søyleboremaskinene de har. Det er viktig at du set deg inn i verneinnretningane for dei ulike maskinene fordi dei kan vere ulikt utforma.
Når du sjølv meiner du har god nok kunnskap om sikker bruk av ei søyleboremaskin, fyller du ut eigenerklæringa. Eigenerklæringa tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.
Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å bruke maskina.
Filer
Relatert innhald
Du må gjennomføre ei dokumentert sikkerheitsopplæring før du kan jobbe på ei søyleboremaskin. Her får du hjelp til å lære den teoretiske delen.
Sjå ein introduksjonsfilm som viser sikker oppstart og bruk av ei søyleboremaskin.