Hopp til innhald
Fagartikkel

Risikomoment

Fresen er ei stor og kraftig maskin, og når du bruker ho, kan du utsetjast for fare. Derfor er det viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta.

Mekaniske risikomoment

Når du freser metall, får du avsponing i form av små eller lengre spon. Spon kan ha høg temperatur på grunn av friksjon, og dei kan vere veldig skarpe.

Du jobbar også med roterande maskindelar og arbeidsstykke. Slike delar kan losne. I tillegg kan hår eller arbeidstøy setje seg fast i dei roterande delane.

Kjemiske risikomoment

I enkelte fresar eller ved spesielle arbeidsoperasjonar må du bruke ei kjølevæske som blir sprøyta på arbeidsstykket og skjereverktøyet for å halde temperaturen nede. Kjølevæska er ei blanding av kjemikal. Derfor er det er viktig at du set deg inn i kva eigenskapar kjølevæska har, og kva du skal gjere viss du får kjølevæske på hendene, i auga eller i munnen.

Termiske risikomoment

Ved fresing skjer du i metall med eit skjæreverktøy. Då oppstår det friksjon, og ved friksjon blir det utvikla varme. Både arbeidsstykke, skjereverktøy og spon kan komme opp i svært høge temperaturar, og det er viktig at du ikkje rører desse før du er sikker på at dei er kalde nok.

Du skal ikkje bruke hanskar når du jobbar med fresing og roterande maskinelement. Berre når nødstoppbrytaren på maskina er aktivert, kan du i enkelte tilfelle bruke hanskar likevel, til dømes for å handtere arbeidsstykket, skjereverktøy eller spon.

Andre risikomoment

Golvet og arbeidsområdet rundt fresen må vere reint og ryddig slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli. Det er også viktig at det ikkje er noko brennbart materiale i området, som kan ta fyr viss det blir treft av varme spon.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.