Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppsummering

Her får du eit lite samandrag av den teoretiske opplæringa du har gjennomgått, og informasjon om kva du må gjere for å få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Samandrag

Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ein fres. Då står det att ein praktisk demonstrasjon på verkstaden før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Dette har du lært om fresen

  • Du har fått sjå ein introduksjonsfilm om sikker bruk av fres.

  • Du har også fått informasjon om kva risikomoment du kan bli utsett for, og kva verneutstyr du må bruke for å redusere risikoen for å bli skadd.

  • I tillegg har du fått informasjon om korleis fresen er bygd opp, kva verneinnretningar som finst, og korleis du spenner opp verktøy og arbeidsemne og stiller inn maskina før bruk.

Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.

Praktisk gjennomgang på verkstaden

Du skal no gå på verkstaden og sjå på dei ulike fresane de har. Det er viktig at du set deg inn i verneinnretningane for dei ulike maskinene fordi dei kan vere ulikt utforma.

Når du sjølv meiner du har god nok kunnskap om sikker bruk av ein fres, fyller du ut eigenerklæringa. Eigenerklæringa tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.

Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å bruke maskina.