Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ein fres er utrusta med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane og andre viktige komponentar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nødstopp og verneinnretningar

Ein fres har fleire verneinnretningar du må kjenne til. Du må også ta ein funksjonstest av desse innretningane før du tek i bruk fresen.

Klikk på symbola i biletet for å få informasjon om dei ulike verneinnretningane og andre viktige komponentar – eller les fagteksten nedanfor.

Nødstopp

Fresen skal ha minimum éin nødstoppbrytar, som er ein raud trykkbrytar med tydeleg gul merking rundt knappen. Det kan også stå eit symbol saman med brytaren. Nødstoppbrytaren skal vere montert slik at han er enkel å sjå og enkel å betene viss det oppstår ein nødssituasjon.

Etter at du har trykt inn nødstoppbrytaren, må du vri han lett mot høgre for å setje han tilbake i normalposisjon. Piler oppå brytarknappen vil også vise kva veg du skal vri han.

Utforminga av nødstoppbrytaren er standardisert og blir brukt over heile verda.

Vernedeksel

Vernedekselet skal først og fremst verne deg mot den roterande kjoksen. Dekselet forhindrar at lause delar blir kasta ut i rommet, og at du hektar deg fast i roterande delar.

Vernedekselet er også kopla til ein sikkerheitsbrytar, som stoppar fresen viss du opnar dekselet under fresing. Du skal ikkje kunne starte fresen igjen før dekselet er lukka.

Festing av verktøy

Fresen har eit brytarpanel som du bruker ved innfesting og demontering av skjereverktøyet. Verktøyet blir festa ved hjelp av ein kjoks eller ein morsekon.

Display

På eit display på fresen kan du sjå kva turtal spindelen roterer med til kvar tid. Det finst også eit digitalt display som viser posisjonen til fresebordet i dei ulike aksane.

Justering av fresebordet

Du kan justere fresebordet i høgda (Z-aksen), inn og ut (Y-aksen) og til høgre og venstre (X-aksen) ved hjelp av ulike hjul og spakar.

Arbeidslys

Fresen har dessutan eit bevegeleg arbeidslys som du kan bruke ved måling og for å følge med på arbeidsprosessen.

Festeinnretning for arbeidsemne

Arbeidsemnet kan festast på fresebordet på ulike måtar, t.d. ved hjelp av ei maskinstikke.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk fresen, må du gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss nødstoppbrytaren eller ei verneinnretning ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke fresen. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at fresen blir reparert.

  • Så lenge fresen er i ustand, må han vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein hengelås eller barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsetje seg for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for fres