Hopp til innhald
Oppgåve

Analyser eigen medieproduksjon

Vel ut ein medieproduksjon du har laga i løpet av året og lag ein mediefagleg analyse. Her skal du vise til ulike sider ved medieuttrykket ditt.

Oppdrag

  • Vel ut ein medieproduksjon du sjølv har laga. Medieproduksjonen skal danne utgangspunktet for ein medieanalyse.

  • I analysen skal du plukke produksjonen frå kvarandre, og du skal vise til ulike perspektiv og sider ved medieuttrykket.

  • Du vel sjølv kva sider ved medieproduksjonen som du meiner er relevant å gå inn på i analysen. Hjelpespørsmåla under kan hjelpe deg på veg.

  • Lag ein digital presentasjon der du presenterer analysen.

  • Hald presentasjonen for resten av klassen til slutt.

Punkt til hjelp


  • Kommunikasjonsprosess: Bruk relevant teori og kommunikasjonsmodellar som hjelpemiddel når du skal analysere og vurdere produksjonen.

  • Kontekst: Set medieproduktet inn i ein kontekst og samanheng.

  • Funksjon: Kva er hensikta og formålet med medieproduktet?

  • Oppbygging: Beskriv strukturen, bruken av forteljarelement og verkemiddel.

  • Retorikk: Kva for nokre retoriske grep har du brukt? Appellerer medieproduktet til kjensler eller fornuft? Eller speler du på etos, altså truverd, for å treffe målgruppa?

  • Tolking og forståing: Pek på ulike måtar publikum kan tolke og forstå medieuttrykket på, og reflekter rundt kva konsekvensar ulik tolking og forståing kan få for bodskapen din.

Relatert innhald