Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

– Lag eit kart slik at kundane finn fram

Din næraste frisørsalong treng hjelp før dei mistar fleire kundar!
Diverse frisørutstyr, som sakser og hårspenner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange frå nabokommunane har høyrt positivt rykte om frisørsalongen nærast deg og kjem no reisande for å klippe seg. Det er berre eit problem: Folk slit med å finne fram. Det er hovudsakleg kvinner og menn i alderen 25–40 år som kjem, og dei bruker mobilen for å finne informasjon om plasseringa.

Sidan kundane ikkje finn noko godt kart, kjem mange av dei for seint til timen, og fleire blir rett og slett litt sure. Gateadressa er ikkje oppdatert på Google Maps.

Oppdraget frå dagleg leiar dukkar opp i ei melding på mobilen din:

Samtale mellom dagleg leiar i frisørsalongen og den som får oppdraget. Oppdraget går ut på å lage eit kart for frisørsalongen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tekstversjon: melding om oppdrag

Henrik: Hei. Eg er dagleg leiar i frisørsalongen Klipptikk. Naboen din har tipsa meg om deg. Kan du lage eit kart som gjer det enklare for kundar å finne fram?

deg: Ja, det går bra. Har du nokon ønsker?

Henrik: Eg vil at du skal lage eit litt fresht og fint kart, og at du plasserer inn nokre landemerke. Rekk du det på ei veke? Er 2000 ok som betaling?

deg: Flott, 2000 er ok. Eg har tid! Sender over nokre forslag i morgon!

Skildring av oppdraget

Lage eit trendy og fint kart med nokre landemerke som også viser vegen til frisørsalongen frå nabokommunane.

  • Hent inspirasjon frå og undersøk kart som er laga av andre, med grafiske element som attraksjonar og landemerke.
  • Jobb med skisser og hent inspirasjon frå fleire ulike kart.
  • Lag fleire ulike skisser. Vis fram skissene til andre og få tips og rå. Gå vidare med éin av idéane.

  • Produser eit publiseringsklart kart. Lever kartet og vis i tillegg korleis det vil sjå ut på mobilen.

Hugs

  • Kartet skal gjere det enklare å finne fram.
  • Kartet må vise vegen frå dei næraste nabokommunane.
  • Kartet skal passe til mobilvisning.
  • Målgruppa er menn og kvinner i alderen 25–40 år.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

Utforskande produksjon for oppdragsgivar