Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fotografer utdanningsprogrammet ditt

No skal du skildre utdanningsprogrammet ditt med bilete i ulike biletsjangrar tilpassa ulike format.
Ein lærar og to elevar høvesvis står og sit framfor fleire skjermar, tastatur og ein biletmiksar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førearbeid

Du skal ta mange bilete av utdanningsprogrammet ditt. Før du hentar kameraet, må du gjere førearbeid.

Kva kjenneteiknar skulekvardagen din? Kva er positivt, kva er negativt, og korleis går undervisninga føre seg? Kva slags bilete bør du ha med for å dekkje og skildre skulekvardagen?

Gjer idéarbeid, og lag skisser, tankekart eller moodboard før du går i gang med fotograferinga.

Produksjon og etterarbeid

Du skal no ta ulike bilete som viser fram utdanningsprogrammet ditt. Bruk spegelreflekskamera. Dei du tek bilete av, må samtykkje til det.

Etterarbeid

Hugs at før du leverer frå deg bileta, må du gjere etterarbeid. Jobb i eit profesjonelt biletbehandlingsverktøy.

Skjer til bileta, sjå over fargestikk, og jobb med kontrastar og skarpleik. Bilete som skal endrast til CMYK, må ha ein gjennomgang av fargar og kontrastar. Set saman og tilpass til det oppdraget spør etter, og gjer bileta klare for levering.

Oppdrag 1: marknadsføringsbilete

Ta bilete som viser linja på ein positiv og innbydande måte. Bileta skal kunne brukast for å marknadsføre linja på sosiale medium. Produser minst fem ulike publiseringsklare foto som viser ei breidd av det som skjer på linja.

Tilpass biletformata til minst to ulike, relevante sosiale medium. Målgruppa er elevar i 10. trinn. Lever bileta i ei mappe.

Oppdrag 2: biletreportasje – slik ser skuledagen ut på denne linja

Du skal skildre skulekvardagen med reportasjebilete, dei skal ikkje vere oppstilte. Du skal gi den som ser på biletet, ei oppleving av å sjølv vere til stades. Skildre minst tre ulike situasjonar som representerer skulekvardagen på denne linja. Det er bileta som skal dominere forteljinga. Varier utsnitt og motiv, og ta flest bilete i breiddeformat.

Ferdigstill sju til ti foto. Gi serien ein tittel, og skriv éi til to setningar om kvart bilete. Klargjer bileta for trykk i InDesign, eller set dei saman som ein digital fotoreportasje på ei nettside, som Sway eller WordPress.

Oppdrag 3: framsidebilete til eit utdanningsmagasin

Du skal lage eit framsidebilete om linja di til eit trykt utdanningsmagasin. Biletet skal vere ståande. Du kan sjølv velje stil og uttrykk på biletet.

Biletet må leverast i CMYK-format. Bruk tabloid-format (280 × 430 mm).

To jenter med hovudsett ser på skjermar i eit TV-kontrollrom. Dei har hendene på ein biletmiksar, og biletet er teke mellom dei bakfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Biletsjangrar